690 Andrea Eide Naustbakk 2

Fjerde strake seier for Surnadal/Søya/Todalen

To mål av Hedda Aasbø og eitt av Andrea Eide Naustbakk sendte serietoar CFK/Dahle poenglause heim frå Syltøran torsdag.

Surnadal/Søya/Todalen har fått ein kjempestart på årets sesong i 3. divisjon for kvinner, og etter fire spelte kampar stod dei med tre seirar og ein uavgjort. Den eine poengdelinga kom borte mot CFK/Dahle, som kom på besøk til Syltøran for returoppgjer torsdag.

Og det var bortelaget som kom best i gong, då dei fekk straffe etter snaue fem minutt. Straffesparket til Mari Johanne Flatø Golmen enda opp i nettmaskene, og akkurat som i serieåpninga i Kristiansund scora Flatø Golmen dermed kampens første mål.

Erling Fiske sine utvalte slo deretter hardt tilbake, og Andrea Eide Naustbakk sørgde for balanse i rekneskapen då ho sette inn 1-1 om lag halvvegs ut i den første omgangen. Det var seriemål nummer to for venstrebacken denne sesongen.

Hedda Aasbø kom inn på topp for heimelaget etter 32 minutt, og berre to små minutt seinare sende ho blåtrøyene i føringa. Hurtigtoget Aasbø har teke 3. divisjon med storm denne sesongen, og 2-1-målet vart på ingen måte det siste publikum fekk sjå til henne mot CFK/Dahle.

Med 2-1 til vertane ved pause låg det an til ein spennande andreomgang. I det omvendte møtet mellom laga leidde Surnadal/Søya/Todalen og 2-1, men då utlikna kristiansundarane til 2-2 om lag ti minutt før full tid. 

Denne gongen kom målet i den andre enden, då Aasbø scora sitt andre mål for dagen. 3-1-målet var hennar sjette mål for sesongen, og ho har no scora i fire av fem kampar - og fire mål på dei to siste kampane. Dermed toppar ho og toppscorarlista i 3. divisjon, to mål framfor Andrine Eide Blikås frå Eide og omegn.

Toppar gjer og Surnadal/Søya/Todalen, for verken heimelaget eller CFK/Dahle klarte å score fleire mål innan dommar Arild Ødegård blåste av kampen.

Dermed står samarbeidslaget med imponerande 13 poeng av 15 mulege. CFK/Dahle på andreplass har like mange poeng, men så har dei og spelt to kampar meir enn surnadalingane.

Det er difor Langfjorden/Træff 2 som akkurat no framstår som den farlegaste utfordraren til Surnadal/Søya/Todalen i toppen. Dei tre siste kampane til laget, inkludert den mot nettopp Surnadal/Søya/Todalen, har vorte utsett. 

Det betyr at gjengen som er heimehøyrande på Åfarnes kunstgras framleis står berre med tre spelte kampar så langt i sesongen. På dei har laget teke sju poeng av ni mulege, og med seier i kampane dei har til gode kan dei kome opp på same poengsum som gjengen frå Vårsøgland.

Surnadal/Søya/Todalen skulle etter planen spelt sin neste kamp mot Moldestudentene 15. juni, men også denne er utsett. Dermed står det berre ein kamp att før sommarferien, og det er mot nettopp Langfjorden/Træff 2. 

Kampen går på Syltøran stadion, og skal spelast fredag 21. juni.

(Arkivfoto: Andrea Eide Naustbakk scora det første målet til heimelaget då dei slo CFK/Dahle 3-1 torsdag).
 

Kampfakta:

Surnadal/Søya/Todalen-CFK/Dahle 3-1 (2-1)

Mål:

0-1 Mari Johanne Flatø Golmen (straffe, 5. min)
1-1 Andrea Eide Naustbakk (21. min)
2-1 Hedda Aasbø (34. min)
3-1 Hedda Aasbø (69. min)

Surnadal/Søya/Todalen sitt lag frå høgre mot venstre (4-3-3):

Astrid Dammen Gjeldnes

Else Vaseng Kvammen
Lone Kvande Brøske
Ingvild Berg
Andrea Eide Naustbakk

Marte Nes
Ane Mogstad
Ine Fiske

Marte Næss
Emma Sæther
Alice Eide Naustbakk 

I tillegg kom Ida Ranes, Hedda Aasbø og Gunn Mari Våbenø inn i løpet av kampen.


Både Surnadal IL, IL Søya og Todalen IL er medlemmar av Trollheimsporten.