IMGP5522_715x351

Fjøsinnflytting på Landsemna

Denne uka flytta rundt 60 dyr inn i nytt fjøs på Landsem Utistu i Rindal! Trollheimsporten har besøkt fjøset tidlegare og skreiv dette om bygginga. Dette er eit svært moderne fjøs, og for drivarane blir det ei ny tidsrekning på fleire måtar, for no er det slutt på begrepet «fjøstid»!


 Det nye fjøset har mjølkerobot som erstattar budeia. Etter nokre innkjøringsdagar vil kyrne finne vegen til roboten for mjølking sjølv. Dei første gongene måtte dei ha mykje "hjelp". Sjølve flyttinga av kyrne frå gammelfjøset til nyfjøset skjedde etter morgonmjølkinga, og kveldsmjølkinga av dei 30 kyrne skjedde i nyfjøset av "nybudeia"!  


 

Den gamle røkku er erstatta av ei mekanisk løysing som går automatisk! Foreløpig brukar dei den gamle forutleggaren, så dei må kjøre den eit par gonger i døgnet, men den kan også automatiserast.  


 

Kanskje det blir betre tid til å kose dyra?


 

Det nye fjøset er svært lyst og triveleg med vekt på overlys som er betre for dyra. Ingen av bilda her er tatt med blits.

Ein merker seg særleg dei store vindua i gavlene.

Ventilasjonen i fjøset er naturleg balansert, frisklufta kjem inn øvst på sideveggene. Det du ser der er ikkje vindu, men lufteopningar (bilde t.h.) som ein kan opne og lukke mekanisk. Uttrekket er naturleg nok ved mønet. Den oppvarma lufta frå fjøset blir trekt ut naturleg langs heile mønehatten.

Når fjøset blir fyllt opp, skal det vere 56 mjølkekyr og om lag like mange kalvar og ungdyr. Dette talet vil variere. Varmeproduksjonen frå dyra skal med denne ventilasjonen halde rundt 7 varmegrader. Om sommaren vil ein stor port vere open ut til beitet. Kyrne vil gå inn for mjølking og tilleggsfôr, og kanskje for å kjøle seg på varme dagar!

Les meir om bakgrunnen og om bygginga av det nye fjøset her på Trollheimsporten frå september!  

Klikk på bilda nedafor for å sjå dei større og som bildeserie!

       

IMGP5498
IMGP5492
IMGP5501
IMGP5515
Mjølkeroboten
IMGP5504
IMGP5509-1
Første kalven som vart fødd i nyfjøset!
IMGP5510
Eiga kalveavdeling
IMGP5519
IMGP5520
Innflyttingsgaven frå Rindal Sparebank var eit kunstverk, ei kuheks!
IMGP5521
Er dette klargjering av nytt bygg eller finansiering av nyfjøset?