Fjordtur med tilbakeblikk
Frodig og dramatisk historie har utspunne seg på og langs Halsafjorden. Passasjerane på Angvik laurdag fekk tilbakeblikk på litt av dette under ein idyllisk fjordtur under Elvanesset-dagane i Bøfjorden.
Foto og tekst: Bernt G. Bøe.
Elvanesset ligg ved Settemsbukta, ein rik sildvåg i landnotbruka si tid. Bøfjordens Meieri (1892-1913) stod i Ådalen like ved og leverte smør til engelske frukostbord i Newcaste. Skrøvsetvika var knutepunkt for dampbåt, buss og post.
Skipsverft og forlis
Bøfjorden Historielag bidrog til fjordturen med sundbåten «Angvik» - frå Bøfjorden til Saksen, Torjulvågen og Båtvika. Brørne Gunnvald og Bernt Bøe guida og kommenterte landskap og hendingar undervegs.
Utafor døra til historielagets sjøbruksmuseum vart fiskedampen «Skrøyfa» bygd i 1915, og der hadde Bøfjords Rederi sitt anlegg for mottak, foredling og eksport av fiskeprodukt. Ved holmen like bortafor forliste rutebåten «Statsraad Riddervold» på dramatisk vis i mars 1944.
«Svartbok» og kulturhistorie
På garden Heggem går spora tilbake til steinalderen. Her budde legendariske «Erk med Svartboka». Det seiest at han utførte overnaturlege ting - så overnaturlege at folk i angst søkkte pengeskrinet hans ned i sjøen da «trollmannen» døde. - Og på botnen like attmed ligg også ein kasse gull som datt uti da føringsbåten skulle hente den på dampen, kommenterte passasjer Eirik Baatvik.
Langs det idylliske Kalsetlandet fornemmer du susen av eventyr og kulturhistorie. «Ron-kjerringa» Kari i Sjølgjetla såg trolla inne i berget og kunne sette ilt på krøttera åt folk. På naboplassen Bukta for song og kringelhauka Gjertrud så vakkert at folk og fiskarar sleppte det det hadde i hendene og berre lytta. Så fekk ho da også etterkomarar som operastjernene Astri Kalseth Szternyi og Hjørdis Lauenborg.
Og på den no fråflytta garden Kalset vaks det opp spelemenn og songarar det går ord om. Familien kringkasta huskonsertar via telefon, og storebror Ola Kallset var ein av landets fremste på fele.
Bjørnemord og holmgang
Husmannsplassen Kråkå ved Kalset kan knytast til både bjørnedrap, distriktets store kyrkjemålar Ole Joensen Kolset og «Lærer og Kirkesanger» Lars Stenersen, som trass i ubrukeleg songstemme var respektert som dyktig lærar med «et eksemplarisk godt Liv og Levned».
Historia om «Mannbjønnen» dukka opp fleire gonger under turen. Sundbåten passerte stadene der udyret på 1770-talet drap tre av sine fem offer – Dragset, Kråkå og Trodalen.
På neset vestafor Saksen fyrlykt står steinen som etter segna skal vera minne om holmgangen i «Soga om Gisle Sursson». Den fann stad «á oyna Soxu», og somme trur det kan ha vore her.
Skipper Einar Staknes og styrmann Åse Karin Sæter sette så kursen fjordtvart. Først over den usynlege «skipskyrkjegarden» på botnen av Halsafjorden – der mange kondemnerte farty fekk si grav. Deretter framom Jordalen og Biren på Fløystadsida. Historia om rasulykka i Biren våren 1772 sette fjordidyllen i grelt perspektiv – her omkom både mannen og eit nyfødt barn, som vart attfunne i vogga på fjorden dagen etter ...
«Tylvågjen»
Torjulvågen er ei vakker bygd sett frå sjøsida. Gunnvald Bøe forklarte gardsnamnet, som eigentleg er Talgyl. Han orienterte også om Bergem Skofabrikk, med stor produksjon fram til 1980-talet. Bygda hadde i si tid betydeleg skipstrafikk. I dag er Tingvollost ei suksessbedrift med internasjonalt ry. Nasjonalt ry hadde også torjulvågingen Anders Kamsvåg. Med pers på 2,01 var han ein av landets beste høgdehopparar i si tid.
Etter å ha kryssa Trongfjorden ved Aksneset og konstatert at elvene Sprutå og Tjuvåa begge var tørrlagde i sommarvarmen, svinga dei fjordfarande forbi Båtvika og Trodalen. Tidene skiftar - Båtvika var storsentrum i gamle dagar, med gravhaugar frå bronsealderen og gjestgiveri i 1840-åra. Trodalen hadde sagbruk og skiferindustri, vart fråflytta på 1950-talet, men er populært turmål i dag.
Aner og anekdoter
Historier og anekdoter satt laust på turen. Om han som fiska opp att snøresteinen som naboen sleit bort på 40 famners djup i Trodalsbukta. Om Flessastrand-Lars, som bar opp slipesteinen til Kleppasetra med hendene – utan å sette den nedpå. Og om dalingane på Fosna-tur som tok pause under steinhylla ved Brattkleppen og lura på om hammaren seig ned eller mastra voks da sjøen flødde ...
Mykje levd liv attmed strendene vart friska opp att. Blant passasjerane var det fleire som fekk gjensyn meds røtene og ny kunnskap om sine aner – anten dei no stamma frå Kvalnesvika eller var etterkomarar av Gammel-Ingebrigt og arbeidsjarnet Jørri i Bøklepplykkja.
Sommaridyll på Halsafjorden. Ferjestrekninga Halsa – Kanestraum i bakgrunnen. Lykta ved Saksen til høgre.
Passasjerdampen «Statsraad Riddervold» etter grunnstøytinga ved Skrøvsethomen i 1944.
Rik historie og fascinerande persongalleri knyter seg til plassen Kråkå ved Kalset. Husa stod bak båten på biletet.
Gammelt kort frå Torjulvågen. Dampane «Mørejarlen» (ved kaia) og «Statsraad Riddervold» møtest.