Fleire aktuelle alternativ
Det er viktig for Senterpartiet at alle kommunar frivillig skal avgjere om dei vil fortsette å stå åleine eller slå seg saman med andre. Reforma legg opp til ei sterk sentralisering av politisk og administrativ makt, der dei minste kommunane kan tape mykje av dei smådriftsfordelane dei har, medan større kommunar vil kunne bli så store at dei får betydelege stordriftsulemper. Talet på folkevalde vil gå ned både totalt og i høve til folketalet. Det er ei svekking av demokratiet og folkestyret.
Fleire alternativ
Etter planen skal det haldast rådgjevande folkerøysting 25. april. Til no er det tilsynelatande lagt opp til at det blir eit val mellom to alternativ for Surnadal: Anten å stå åleine som kommune med dagens grenser, eller å slå saman tre kommunar til ein. Vi meiner vi også må fokusere på ytterlegare to alternativ: Surnadal og anten Halsa eller Rindal. Det er etter vår meining ikkje teke tilstrekkeleg stilling til kva som skjer dersom ein av kommunane ikkje blir med vidare.
Surnadal Senterparti meiner vi fortsatt kan greie oss åleine. Det inneber likevel ikkje at vi er imot samanslåing med anten Halsa eller Rindal eller båe. Vi vil gjerne gå i vidare diskusjon med ein eller begge desse dersom dei ønskjer det og meiner at det vil vere betre om dei slår seg saman med oss enn om dei går i andre retningar. Vi meiner vi som den største av desse kommunen da må vere rause og strekke oss langt for å få til gode løysingar dersom nabokommunane ikkje ser seg råd for å halde fram som eigen kommune og vi meiner vi da må arbeide fram avtalar som gjer Surnadal til det beste alternativet for Halsa og Rindal dersom dei ønskjer samanslåing. Frivilligheit og folkevilje må ligge til grunn for eventuell samanslåing, og ikkje tvang gjennom endring av inntektssystemet som regjeringa no legg opp til.
Fortsatt mange spørsmål
Vi meiner at det er svært mange moment som må diskuterast, og vi må vere sikre på at vi finn løysingar som gjer oss i stand til å levere betre kommunale tenester og gje betre vilkår for dei tilsette i kommunen enn vi vil klare med dagens kommunestruktur. Det er krevjande å få til dette innafor tidsplanen regjeringa har lagt, men vi må forhalde oss til fristane som er satt.
Kan vi finne nye og kreative måtar å samarbeide på tvers av kommune- og fylkesgrenser som kan spare kostnader og auke tenestetilbodet, men likevel sikre folkestyret? Vi meiner det beste alternativet for Halsa, Rindal og Surnadal er å seie nei til å følgje regjeringas råkøyr i denne saka og sette oss saman for å styrke og utvide det interkommunale samarbeide vi allereie har på mange område.
Dersom vi skal rive eller flytte eit gjerde, er det viktig å tenkje over kvifor gjerdet ein gong vart sett opp der det står.
Når det gjeld kva fylke vi skal høyre til, meiner vi at det er svært mange spørsmål vi ikkje har svar på. Kva vil vi tene og kva vil vi tape på å bli ein del av Trøndelag? Korleis vil det påverke samferdselsprosjekt som Todalsfjordkryssinga og utbetring av Fv 65? Korleis vil det påverke sjukehus og helsetenester og vidaregåande skule? Desse og andre viktige spørsmål er det avgjerande viktig at vi får svar på i den vidare prosessen.
Dette skriv Surnadal Senterparti i ei pressemelding onsdag.