Flere dialektord
Anne Skjølsvold har her noen kommentarar til dialektorda som har vore på Trollheimsporten i det siste:
Ilhåggåst ( illhugast) er eit ord som er vanleg også på Trøndelagssida, og betyr engste seg, eller ottast. Det var ikkje uvanleg før, i alle fall, at foreldre kunne liggje og ilhåggåst om laurdagsnetene når ungdomen var ute på festing. I Trønderordboka går det fram at ordet kan òg kan tyde "lengte" og "vantrivast" i Rindal, så der er nok Lars Gudmund Røen inne på noko.
Eit anna ord på lista etter Johanna Møkkelgård eg undrast litt på er høyønn = putevar
Vart det ikkj uttala "høy-einn" i Rindala? Og er ikkje det det same som haupute? Eller var det bruka både om haupute og putevar her?
Vart det ikkj uttala "høy-einn" i Rindala? Og er ikkje det det same som haupute? Eller var det bruka både om haupute og putevar her?
Dette er òg eit ord som var vanleg både på Møre og i Trøndelag. I Trønderordboka er høyende oppgjeve til å tyde haupute, og kjem frå eit norrønt ord som heng saman med høg i tyding makeleg, komfortabel; noe som gjer det lett og makeleg.
Her i huset har vi no forresten gått over på tempur-høyenn, og tykkje dem er guste gau!
Helsing Anne Skjølsvold
Her i huset har vi no forresten gått over på tempur-høyenn, og tykkje dem er guste gau!
Helsing Anne Skjølsvold

.png)

