3

Flott elevforestilling i Kulturhuset

Siste skuledag før jul brukar elevane ved Øye skule å samlast i Storstuå på Surnadal kulturhus. Der deltek alle elevane i innslag på scenen- med dei andre elevane ved skulen som publikum. Slik vart det også i år. Det vart mykje fin song, men også eit kort julespel og danseinnslag å oppleve frå scenen. Eit flott innslag var også at medlemmane i elevrådet ved skulen presenterte både seg sjølv og kva dei ville gjere for å få eit betre lærings- og eleviljø ved skulen.

Tredje trinn opna juleforestillinga med eit kort julespel. Alle foto: Norunn Holten

Det er mange gode grunnar til at juleavslutninga ved Kulturhuset er ein flott tradisjon Øye skule bør halde på også i framtida. Det er til dømes alltid viktig å få mulegheit til å vise kva ein er god for også utanfor den tradisjonelle skulearenaen. Juleforestillinga er ein godt eigna arena for slikt. For det andre er det å stå på scenen god trening til dei mange framføringane som ventar desse ungane i åra som kjem. For det tredje er repertuaret også eit godt argument for samlingane i Storstuå. Dei fleste gruppene som var i aksjon i år,  framførte to songar kvar, og ingen songar vart sunge fleire gonger. Dessutan var det valt fleire songar som ikkje er mellom dei mest vanlege. Dette medførte at juleforestillinga inneheldt eit mykje vidare spekter julesongar enn det vi vanlegvis møter- og ungane får ei flott innføring i julesongtradisjonen. Både stemningsfullt og lærerikt, med andre ord!

På slutten av forestillinga kalla rektor Odd Arild Sande elevrådet ved skulen opp på scenen. Han presenterte elevrådsmedlemmene som skulens viktigaste ambassadørar for eit godt læringsmilø og i arbeidet mot til dømes mobbing. Medlemmane presenterte seg etter tur og fortalte kva dei personleg ville gjera for at læringsmiløet ved skulen, og like eins det sosiale mljøet, skulle bli enda betre. Elevrådsmedlemmane framheva særleg ting som kan gjerast for å betre miljøet elevane imellom. Til dømes vart det framheva at ingen skulle gå åleine. Og det er jo ikkje eit dårleg råd å ta med seg når vi no går inn i julehøgtida.......

Klikk på bilda for å sjå dei større eller i serie!

 

3
Frå julespelet med tredje trinn.
1
Flinke songarar frå første trinn.
2
Andre trinn i aksjon med "På låven sitter nissen".
4
Fjerde trinn syng "En stjerne skinner i natt".
5
Femte trinn song julesongar både på norsk og engelsk.
6
Det gjorde også 6. trinn.
7
Ei av puljene frå 7. trinn som dansa for publikum.
7
7. trinn hadde sjølve lag dansane dei framførte.
elevrådet_1024x683
Rektor Odd Arild Sande saman med elevådet ved skulen.