Flott konsert i Storstuå
Onsdag kveld hadde kulturskoleelevane ein flott konsert i Storstuå i Kulturhuset på Skei. Det var eit variert og fint program med klassisk fiolin og pianomusikk. Vi fekk også julesanger med treblåsere, sangere og messinginstrument. Fleire nummer var samspillnummer med fleirstemt song og akkompagnement av elever.
Vi fekk også nokre bandnummer med juleblues og meir kjente rockelåter frå fleire epoker.
Med snøen dalande ned ute var både store og små i god julestemning.
Mellom 50 og 60 aktører var innom scena i løpet av konserten og vi gler oss til neste anledning å få høre elevene.
Klikk på bilda nedafor og sjå dei større og som bildeserie!