Surnadal Kulturhus:
Flott og variert nyårskonsert
Fredag heldt Trondheimssolistane sin tradisjonelle nyårskonsert i Surnadal kulturhus` storstue. Ein nærast fullsett sal fekk ein variert konsert heilt frå dei varaste tonar til fartsfylte stykker som gav assosiasjoner til tradisjonsmusikk frå dei britiske øyer.
Det var altså ein bortimot fullsett sal som fekk høyra ein variert konsert, og aller først fekk elevar frå kulturskulen vera med å spele saman med orkesteret. Og ein kan med glede sjå at det veks fram nye talenter! Det må vera ein stor opplevelse å få spele i lag med eit slik flott orkester! Etter det tok gjesteartist Cecilia Zilliacus, svensk fiolinist, ordet og losa oss vidare i konserten. Vi fekk høyre musikk både frå Sibelius og Järnefeldt, der Zilliacus bidro sterkt. Deretter var det klart for gjesteartistane frå Skottland, nemmeleg Catriona McKay (skotsk harpe) og Chris Stout (shetlandsfele). Stout kunne fortelje at han hadde fått smaken på "bakels og græt" og hvis det var nokon i salen som kunne lage det, var han interessert i giftarmål! Dei to skotske musikarane spelte «Chrysillis» komponert av surnadals egen Henning Sommerro til nettopp til dei to.
Etter ein tjue minutts pause fortsette konserten med to satsar frå Ottorini Respighis "Antiche danze ed arie Svit nr 3" og tre satsar frå Benjamin Brittens "Simple symphony" før McKay og Stout spelte eitpar stykkjer med fart i, og gav oss litt " pubstemning" med gnistrande felespel og energiske harpetonar i skotsk folkemusikkstil!
Publikum sette stor pris på dette og applauderte stort, og Stout spurde salen om dei skulle ta eit ekstranummer, og fekk eit rungande JA til svar, og avslutta med "Julvers frå Stangvik" som sette prikken over i`en på ein aldeles storarta konsert.
Kirsten Næss, ein av fleire dyktige musikere frå Surnadal, speler bratsj i Trondheimssolistene, Ho skulle no vidare til Steinkjer for å spele ein konsert i morgon.
Unge lovande musikkstudentar frå kulturskulen speler saman med Trondheimssolistane
Konsertmester og konfransier Cecilia Zilliacus.