
Flott ryddeaksjon
Alle er veldig glade for at vi har fått så flott stadion på Øye i Surnadal, og både kunstgrasbanen og friidrettområdet er flittig i bruk av ivrige barn og unge - både i løpet av skuledagen og på fritida. Elevane ved Øye skule har dei siste dagane sett ekstra fokus må at dei ønskjer å ta godt vare på det fine anlegget og dei ønskjer mykje positiv aktivitet og fair play.
I tillegg er det viktig at rusk og rask ikkje blir kasta inne på området, og heile 4.trinnet ved Øye skule bidrog til dette gjennom ein flott ryddeaksjon onsdag.
Da bretta elevane opp ermane, tok på arbeidshanskar og gjekk til verket med liv og lyst. Etter ei effektiv økt med rydding hadde dei fått samla mykje smårusk frå stadion, og dei går føre som gode eksempel for alle som vil bruke Øye stadion og samstundes vere med og ta vare på det fine aktivitetområdet.
Klikk på bilda for større versjonar.

.png)






