Fly_250x168

Flyplassane stengt

Alle flyplassane i Møre og Romsdal er stengt etter vulkanutbrotet på Island i går. Også på Værnes er det no full stopp.

Askeskyer frå utbrotet førte til at luftrommet over heile Vestlandet, Nord-Norge og delar av Austlandet vart stengt i morgontimane i dag. Klokka 10 vart luftrommet over heile Norge stengt. Det er foreløpig usikkert kor lenge stenginga vil vare, melder avinor.no.

Lufthavnsjef på Værnes, Lasse Bardal, opplyser til adressa.no at det er full stopp i flytrafikken torsdag morgon.

- Vi har hatt to avgangar i dag tidleg, ein til Oslo og ein til Østersund, men utanom det er alt luftrom rundt oss stengt.

Luftområdet over Trondheim vart stengt klokka 08. Dette berører også samtlege utanlandsflygningar.

- Det er ekstremt små partiklar som trenger seg inn overalt i luftinntak, motorar og dyser og sett seg fast. Det er tidlegare erfaringar med aske fra vulkanutbrot som gjer at vi er veldig forsiktige, sier Bardal.

Avinor starta stenginga av luftrommet på kvelden 14. april. Det er usikkert kor lenge stenginga vil vedvare. Passasjerar må forhalde seg til flyselskap og reisebyrå i den situasjonen som har oppstått, melder selskapet.

Over Storbritannia er også delar av luftrommet stengt. Dette gjeld mellom anna flyplassane i Edinburgh, Glasgow, Belfast og Newcastle. Hundrevis av flygningar er kansellert frå London-flyplassane, Luton, Birmingham og Manchester.