
Flytter tilbake til Midtigrenda barnehage
- Vi har hatt foreldredugnad og personaldugnad for å få til alt dette, og det arbeides for fullt enno med måling, gulvlegging og støydemping. Kjøkkenet får vi ikkje på plass før etter den 30.juni. Så vi er ikkje 100 % i rute enno, men plana ligg der! Vi må drive delvis midlertidig drift når vi kjem tilbake før sommarferien, med fortsatt matpakke og ekstra påpassing med klede – dette i ein periode til vi får alt på plass.
Plana framover er at alle barna skal flytte opp på begge storbarnsavdelingane, fordi dei ikkje er heilt ferdige nede enno. Der går det fort framover, men sluttdato er enno ikkje sett. Vi skal organisere oss slik at vi må vera ein del ute i dei vekene som gjenstår før ferien, fordi vi bli for mange barn på eitt plan – derfor skal vi benytte oss av gapahuken vår i skogen og lavoen ved Vaseng.
Signe Lill Aasland vil gje takk og honnør til personalet og foreldra, og alle tilpasningsdyktige barn! Vi har saman fått midlertidig drift opp å gå og på ein så god måte som vi alle har prøvd å få til. Vi får ein god og fin nyoppussa barnehage der HMS-avvika no blir borte – vi er så glade for det! Takk til politikerene som bevilga ekstra penger til oppussing oppe.


.png)

