
Flytting av trimtur
Trimgruppa i Bæverfjord i.l. minner om at den oppsette trimturen til Bjorvollen søndag 17. juni blir flytta til tysdag den 19. Det blir da felles avgang frå Svorkbrua kl. 18.00. Turen går etter skogsveg og skulle passe dei fleste. Eit høgdepunkt på turen er passeringa av dei ærverdige, gamle gardane i Svorka, så her er det berre å hive seg på!
Den forrige turen i regi Bæverfjord i.l. gjekk til Solligjerdet. Her er ein del av gjengen vel framme ved hellaren der trimboka er. Turen gjekk den 8. mai, men som du ser, var det framleis litt snø i skogen. Foto: Norunn Holten