
Følgeteneste for gravide - Surnadal har no full beredskapsordning
Surnadal har frå dags dato 100% beredskap når det gjeld følgeteneste for gravide! Når jordmor i Surnadal ikkje har beredskapsvakt, tek jordmor-beredskapstenesta i Orkdal over. Ordninga gjer at Surnadal har beredskap døgnet rundt når det gjeld følgeteneste for gravide.
Jordmor i Surnadal har vakt i oddetals-veker (veke 1,3,5,7,9 osv).
Orkdal har vakt i partalsveker (veke 2,4,6,8 osv). Orkdal har også beredskap ved fråver av jordmor i Surnadal, som til dømes i feriar og ved sjukdom.
Beredskapstelefon i Orkdal er: 90 90 90 65
Beredskapstelefon i Surnadal er: 473 79 002.
Beredskapstenesta skal nyttast til konsultasjon/vurdering pr.telefon, vurdering av rier i forhold til oppstart av fødsel, tvil om vannavgang, behov for følge inn til fødeavdeling i ambulanse, osv. Nummeret kan ein ringe døgnet rundt.
Dei som ikkje treng vurdering av behov for førlgeteneste, tek kontakt med fødestaden slik som før.
Ta gjerne kontakt med jordmor i Surnadal for meir informasjon. Telefon kontor: 71 65 59 24. Mobil: 473 79 002.
Det skriv Surnadal kommune på si heimeside