Header 2

Øvre Rindal Kapell:

Førjulskonsert med "Kor gøttj"

Koret "Kor gøttj" inviterte onsdag til konsert i Øvre Rindal kapell. Og dei leverte til gagns! Dei rundt femti frammøtte fekk ein flott konsert, ja, kanskje den beste koret nokon gong har levert! 

På repertoeret hadde koret mange go-bitar! Alt frå  "Julenatt", "Nordnorsk julesalme", "En stjerne skinner i natt" til svenske "Julen är här" til den amerikanske "White Christmas". Mellom innslaga, losa Berit Moan Møkkelgård oss trygt gjennom kvelden med artige historier frå si barndoms jul, ispedd ord til ettertanke. Dirigent Dagrun Løset, godt hjulpet av tangent-traktør Johanne Bjørkhaug , svinga dirigentstokken og fekk det beste ut av koret! 

Sjølv om alt var av høg klasse, så var det nokre songar som stakk seg ut som ekstra gjev, som til dømes "Glade jul" med solist Kari Nerbu og "Et ord vart lys" med solist Bettina Røen Helgetun. Bjørn Børset og Jostein Helgetun gjorde òg sterke prestasjonar som solistar.

Og til slutt, sjølvsagt, "Deilig er jorden" med Bjørkhaug ved kyrkjeorgelet var meget flott! 

I sum gav dette dei frammøtte ein fin tjuvstart på adventstida, og det var nok ingen som angra på at dei tilbrakte kvelden akkurat her!

Vi skal vera glad vi har slik eit flott kor i bygda!

Berit konferansier.JPG
Berit Moan Møkkelgård gjorde ein god jobb som konferansier.

Solist Bjørn.JPG
Solist Bjørn Børset.

Solist Jostein.JPG
Solist Jostein Helgetun.