Førjulsstemning i Bæverfjord
30 barn og nesten like mange vaksne deltok på julegrantenning og nissemarsj i Bæverfjord fredag ettermiddag. Etter ein periode med skikkeleg grisevær, vart det opphaldsvær, og folk viste at dei sette pris på det ved å bli med Fau og idrettslaget ut og skape liv, latter og lys i mørket. Først var det julegrantenning ved oppvekstsenteret, før turen gjekk til Bæverfjord stadion der det vart stopp med mandariner og underhaldning. Tilbake på oppvekstsenteret vart det pepparkaker og varm drikke- og så sjølsagt nissemarsjmedaljer til dei yngste! Sjå bilda frå nissemarsjen!