Første fjellturen

Ikkje alle er så heldige som oss rindalingar som har så mange fine fjell og turmål i nærområdet. For barnebarna våre, Simen og Sofie, som bur i Fredrikstad, var det å gå på fjelltur ei ny erfaring.  

 
Klar til start. Sofie med mjølbøtte, pappa Jo, Simen og farfar Svein, alle med etternamn
Skjølsvold. Noe av formålet med turen var å sjå om sauene til farfar. Sist Sofie og Simen
var i Rindal, var under lamminga. Sofie har sin eigen sau som heiter Gullet, og værlammet
som Gullet fekk i vår, måtte sjølvsagt få namnet Gullgutten.
 
 
Ein pust i bakken. Sjølv om været er grått, er utsikten mot Lomundalen upåklageleg når
du kjem litt opp i høgda.
 
Ein kort visitt innom Bjønnahiet. Om det nokon gong har vore bjørn her, skal vere usagt,
men det er ein fin plass å søkje ly i styggver.
 
 
Mat må til på tur, både som energipåfyll og som ein viktig motivasjonsfaktor. Og ingen
plass smakar maten betre enn ute! Smørbukk-karamellar fungerte også godt for å halde
motivasjonen oppe.
 
Stolte fjellvandrarar! Veret er grått, men toppen er nådd! Riktig nok ikkje høgste toppen,
han får vi ha til gode til haustferien.
 
 
Sofie hadde håpa på å treffe Gullet og Gullgutten på turen, men dessverre, dei var nok
på ein annan kant denne dagen. Men det var da andre sauer og kose med! Neste fjelltur
blir i haustferien. Da når vi neste topp!
 
 
Tekst og foto: Anne Skjølsvold