rk 5

Samarbeid med Rindal Røde kors

Førstehjelpskveld for Rufus 4H

Ute på tur. Spikke med kniv, klatre i berg, hogge med øks, lage oss bål, sekk på ryggen – vi i Rufus 4H elsker dette! Men kva gjer vi om vi kjem ut for  uhell? Om øksa glepp, vi skjær oss på den skarpe kniven, slår oss, ramler i det bratte berget, brenner oss på bålet?

Onsdag, 13. mai hadde vi klubbkveld i Rufus 4H. Vi hadde invitert oss sjølv til Røde kors-huset og spurt Richard Halgunset  i Rindal Røde kors, om han kunne hjelpe oss og  gi svar på akkurat desse spørsmåla. Små tips som kan vere med å berge når uhellet er ute.

rk 6.jpg

Det er tredje gong Rufus 4H har samarbeid med Rindal Røde kors, der førstehjelp står på dagsorden til klubben. Slike kvelder er verdifull, lærerik, sosial og morosam. Medlemsgruppa som var til stades var frå 10 til 16 år og var engasjerte. Dei fekk lære korleis dei kunne lage seg bandasjer av t-skjorta si, legge på kompress, sårforbinding og ikkje minst kva skal ein bruke til å gjere såret reint. Ungene i Rufus 4H er både vant til å vere på tur og glad i å vere ute, men kva er det viktigaste å pakke med seg i sekken? Det er mykje å tenke på og godt å få tips.

rk 7.jpg

Etter førstehjelpskurset var det godt å få kose seg med mat i lag, og spanande å få sjå seg om i Røde kors huset. Richard hadde mykje å syne fram og å fortelle.

Samarbeid mellom ulike lag og foreningar er genialt. Vi har mykje å lære av kvarandre!
 

rk 8.jpg
Richard starta opp beltevogna og.

rk 9.jpg
Gøttj å få sitte i beltevogna til Røde Kors!

rk 10.jpg

Tekst: Elisabet Halgunset / Foto: Sigrid Skjølsvold