Konsert på torsdag:
Fole te folkemusikk
Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal feirar 25 år. Feiringa har pågått heile året, og blir avslutta med “Festkonserten – Fole te folkemusikk” som kjem til Surnadal kulturhus på torsdag. Med i hovudensemblet på konserten er blant anna gitarist Øystein Sandbukt (Sunndalsøra) og kvedar Kine Iselilja Gyldenskog (Tingvoll).
Festonserten blir spela på Surnadal kulturhus 26. november kl.19.00.
Klikk og sjå nettsidene til Folkemusikkarkivet!
Les pressemeldinga frå Folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal nedafor:
Her er musikarane i tilfeldig rekkefølge: Britt Elise Skram frå Vestnes (fele), Øystein Sandbukt frå Sunndal (gitar), Kine Iselilja Gyldenskog frå Tingvoll (song), Thea Marie Ytterdal frå Norddal (fele), Frøydis Bergheim Ruud frå Rauma (fele) og Bjørn-Petter Tøsse frå Fræna (trekkspel)
Fole te folkemusikk!
Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal 25 år
Folkemusikken og folkedansen er både gamal og ung på same tid. Gamle slåttar vert utforska av unge kroppar i ei ny tid. Noko vert verande gamalt, noko vert rundare, noko krassare – tradisjonar flyt vidare inn i ei ny og ukjend tid.
Møre og Romsdal har som andre stader gamle tradisjonar innafor musikk og dans. Det er mange som har gjort innsamlingar av både lyd, film, bilete og nedteikningar. Folkemusikkmiljøet såg behov for å samle dette materiale i eit folkemusikkarkiv i Møre og Romsdal. For 25 år sidan, etter mykje arbeid, vart Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal stifta. Dei fem stiftarane var og er: Høgskulen i Volda, Møre og Romsdal folkemusikklag, Noregs Ungdomslag i Møre og Romsdal, Møreforsking og Møre og Romsdal fylkeskommune. Folkemusikkarkivet har sidan stiftingsåret 1990 hatt kontor hos Høgskulen i Volda, og har jobba målretta med å gjere innsamlingar og å få materialet ut til folk (bøker, kurs, seminar osv.)
Folkemusikkarkivet har feira seg sjølv i heile 2015. Blant anna med noteheftet "Alle tre frampå golva" som vart utgjeve i vår. Noteheftet inneheld slåttar frå heile fylket og er berekna på bruk i kulturskular og spelemannslag. Folkemusikkarkivet har også hatt med seg åtte av fylkets profesjonelle folkemusikarar i studio for å spele inn cd. Tema for cd-en er springar- og hallingslåttar, cd-en kjem for sal i det nye året. Folkemusikkarkivet har også arrangert spelkurs i kursserien "FOLKtema". Til no har kurstema vore slåttar etter Peter L. Rypdal og Erik Almhjell. Over nyttår held kursserien fram med mellom anna "slåttar etter Ivar og Ola Kjelstad". I tillegg har arkivet hatt mange på besøk på sjølve Folkemusikkarkivet, og sendt ut opptak og notar til folk som har spurt etter det.
Som avslutning på jubileumsåret har Folkemusikkarkivet fått i gang eit prosjekt som dei kallar for "Festkonserten - Fole te folkemusikk". I dette prosjektet arbeidar to profesjonelle folkemusikarar saman med fire unge folkemusikkstudentar. Ensemblet består av Britt Elise Skram frå Vestnes (fele), Øystein Sandbukt frå Sunndal (gitar), Kine Iselilja Gyldenskog frå Tingvoll (song), Thea Marie Ytterdal frå Norddal (fele), Frøydis Bergheim Ruud frå Rauma (fele) og Bjørn-Petter Tøsse frå Fræna (trekkspel). Dei skal arbeide kunstnarisk utforskande fram mot konsertane, og med tanke på at alle sit med sine tradisjonar frå kvar sin kant av fylket vil dette samarbeidet og denne konserten verte eit spanande møte. Prosjektet endar med festkonserten "Fole te folkemusikk" som skal spelast i Surnadal Kulturhus, Ørsta Kulturhus, Sykkylven Kulturhus og Molde Kulturhus rundt siste helga i november.
Folkemusikkarkivet har hatt eit spanande år, og går ei spanande tid i møte. Med god støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune i alle år, vert det no ekstra spanande når vi har fått meir løyving til å digitalisere papirarkivet. Eit stort og viktig arbeid.
Vi vonar Folkemusikkarkivet har mange gode år framfor seg med formidling av folkemusikk og folkedansarven frå Møre og Romsdal - hurra!