Folk og fe i Bøfjorden
Stein Sættem kåserer og viser historiske foto på Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag. Den erfarne TK-journalisten har ei gullkiste med unik
fotografisk kulturhistorie. Han lovar både "folk og fe" - altså varierte glimt av liv og aktivitet frå ei tid som var. Hittil ukjente gruppefoto med rikt
persongalleri dukkar opp på lerretet. Historielaget oppfordrar publikum til å ta med eigne fotografi og såleis berike kulturhistoria. Ein treng også hjelp til attkjenning av personar og situasjonar på bileta.
Kjøkenet har kaffe og bakels.

Slåttonn i Utistua på Heggem. Steinar (Teigå) Bøe er dreng og hestkar.
Nothenga på Skrøvsetholmen - eit ikon i Bøfjorden. Her er Gyda (Settem) Stolsmo, Nancy (Settem) Bøe og Sigrun (Sættem) Wolden - med sveivegrammfonen.
Bøfjordingar på kor-tur til Bøverdalen.
Stein Sættem - kulturbevarar med unik fotosamling.