Trygve Roaldset

Surnadal MDG melder:

Folkehelse, frivilligheit og gang og sykkelvegar

Surnadal MDG viser fram sine kandidatar og deira hjartesaker i vekene fram mot valet her på Trollheimsporten. Førre veke fekk du blant anna lese om at vi kjem til å lese sakspapir med grøne briller, og fekk presentert fem av kandidatane våre.

Heile innlegget kan du lese ved å trykke her.

Guro Strøm Solli.PNG

Miljøpartiet De Grønne er eit grønt parti. Vi greier ikkje å redde verda åleine, men vi kan hjelpast åt med å taka vår del i vår kommune.

Når vi ser på ekstremver med ras og flom, temperaturauking og smelting av isbreane, er det klart at vi må ta tak.

Ingrid Øyen Sponås.PNG

I Surnadal er det dei nære tinga som opptek oss. Vi opplever at livvidden aukar og kreftene avtek. Det som er mest urovekkande er at det same skjer hos mange unge. Da vi starta med skule her i landet, måtte ungane kome seg på skulen sjølv. Vi meiner borna i dag og, er tjent med å stå meir på «eigne bein». I dag er det for lett å køyre dei eller å ta bussen.

Friederike publisering.PNG

Å bygge gode gang og sykkelvegar vil styrke den fysiske helsa i stor grad. Faktisk seier forskinga at dagleg sykling eller gange til jobb eller skule, er meir positivt for folkehelsa enn ein dag i veka i idrettshall eller treningsstudio.  I tillegg er kroppen i gang og klar til å gjera jobben sin, når ein kjem fram. Helsa til ungdommen er noko av det beste vi kan satse på, og det vil bety mindre utgifter på helsebudsjettet etter kvart. Det er å satse langsiktig.

Aktivitetar i dei frivillege organisasjonane er og veldig viktig. Her får dei unge øving i sosialt samspel i idrett, song eller musikk o.a. Organisasjonar som sanitetsforening, bygdekvinnelag, sangkor, korps (og mange fleire) blir leigd inn av kommunen eller av lokale bedrifter for å delta i f.eks. vareoppteljing, ta opp brøytestikker, m.m. Dette må vi oppmuntre og utvikle. Gratis eller rimeleg leige av møterom, vil vere til stor hjelp for mange. 

Vi vil arbeide for at Frivillighetssentralen kan bli ein viktig møteplass i bygda, der alle blir mottekne, og dei som har ledig kapasitet kan vera med å bidra der det trengs.

tusen takk 7,6.PNG

Vi går til val på blant anna dette:

  • Stimulere til auka samarbeid mellom offentleg sektor, private og frivillege.
  • Gje frivillege og organisasjonar gratis eller rimelege møtelokalar i Kulturhuset.
  • Ha støtteordningar til lag og organisasjonar som bidreg i kampen mot plastforsøpling.
  • Utvikle Frivillighetssentralen.
  • Legge til rette for sunn livsstil og førebygging av sjukdom.
  • Vi vil at legane held fram med å bruk «grønn resept» og reetablere frisklivssentralen.
  • Sikre tilstrekkeleg med omsorgsbustadar.
  • Styrke ordninga med den kulturelle spaserstokken.
  • Støtte frivilleg arbeid i helse og omsorgssektoren.
  • Styrke og sikre eit godt integreringsarbeid for kvoteflyktningar som kjem til bygda.
  • Bygge trygge gang og sykkelvegar i heile kommunen.
  • Oppretthalde og arbeide for spreidd busetjing i kommunen.
  • Bygge elvepromenade langs Surna elv.

Vil du sjå heile programmet?

Trykk her.

Lone Kvande Brøske.PNG
 

Tekst/Foto: Surnadal MDG.

Surnadal MDG er medlem av Trollheimsporten.