Folksomt på Furkunnjmat-boklansering
Søndag kveld inviterte Britt Grete Moen til Husselskap og bokopning, også kalla bokslepp, i reine hageselskapsstil! Over 40 gjester fylte kjøken og stover i heimen hennar på Rindal Vestre.
Det var den offisielle opninga av den tredje boka i serien Furkunnjmat, med tilleggstittel Naturligvis. Gjestene var folk som på ein eller annan måte hadde vore med og gjort boka muleg, og matskribenten Britt Grete Moen ønska å takke dei på denne måten.
Mange har nok alt sikra seg boka under Rindalsmessa.
Det var ein glad forfattar som ønska medhjelparane sine velkomne til denne boklanseringa.
Og her er den offisielle og høgtidelege opninga av matboka Furkunnjmat - Naturligvis!
Da var det naturleg at fotografen Mari Næss Bolme og designeren Cecilie Leiseth Skipnes fekk den første og største takken.
Deretter vart dei fremste bidragsytarane kalla fram i tur og orden og fekk eit eksemplar av boka.
Turjentene Lena Bakken, Kari Mette skjølsvild, Siv Bakken og Eli Landsem Solvik.
Ann Elin Hess Brønstad, samarbeidpartner på kjøkenet på Rindal Skimuseum.
Museumsvenner på Rindal Skimuseum med Dagny Karlstrøm (nedafor) i spissen
Solveig Haglund på Oppistua Øye hadde også vore til stor hjelp og inspirator på grøn mat.
Inger Lise Kvikne frå Storkvikne Gård vart takka for bruk av hage under fotografering.
- Ingrunn Snuruås har vore ved sida mi allvæg!
Om serveringa er det berre godt å seie, friskt og velsmakande, sjølv om skanksuppa var koka på fire år gammal skank! Vi går inn for studering av dei gode tekstene i boka, og for utprøving av oppskriftene med friskt mot, naturlegvis!
Til slutt må vi nemne opplysninga Britt Grete kom med om framsida på boka: Bildet måtte naturligvis vere ute, i det grøne, men ugraset rundt henne skulle fortelle oss at vi ikkje blir kvitt henne så lett!
Boka Furkunnjmat - Naturligvis får du kjøpt hos forfattaren og hos ARK på Orkanger foreløpig. Opplaget er på 2000, og over 500 er seld!.