
Skirenn med fest og "sportsgudsteneste" innlagt
For 60 år sidan:
John O Røen står som rennleiar for arrangementet i januardagane 1952. Fredag den 11. januar vart det gått 18 km i distriktsrennet sprortsklubben "Troll" arrangerte. Dagen etter var det fest i Rindal forsamlingshus, og søndag kl. 9.00 var det sportsgudsteneste i Rindal kyrkje ved sokneprest Halvor Jendem. Berre ein time etterpå var det opprop ved Rindal forsamlingshus for 45 km og for junior. "For dei som skal gå 45 km og for junior er det tvungen lækjargransking før start. Lækjarkontoret er opi laurdag mellom kl. 16-18. Dei lauparar som er komi til Rindal om laurdagen bør gå til lækjaren då. Sundag er lækjarkontoret opi kl. 8.30-9.00," står det i programmet som indirekte fortel mykje om den utviklinga skiidretten har gjennomgått dei siste åra.
I tillegg til startliste og praktiske opplysningar, inneheld programmet også opplysningar om dei første leveåra til "Troll", og om dei to andre idrettslaga i bygda: "Nansen og Gnist- no Rindøl og Rindal idrettslag", som det står i programmet..
Vil du sjå heile programmet frå distriktsrennet i Rindal 11. og 13. januar 1952, kan du klikke på lenkjene under:
Framsida
Side 2 - deltakarliste 18 km
Side 3 - sjekk reklamen!
Side 4 - Startliste 18 km (forts.) og 45 km
Side 5 - meir reklame som fortel om det lokale næringslivet på 50-talet
Side 6 - startliste 10 km junior og om "Troll"
Side 7 - meir om "Troll"
Baksida - med program for arrangementet!
Kanskje nokon har bilete frå rennet?