Surnadal sammen[1]

– prosess og plattform i retning heiltidskultur

Forankring fryder

Som eit ledd i arbeidet med å fremme ein heiltidskultur i kommunen arrangerer Surnadal kommune fagdag om dette temaet 27. november. Da blir det besøk av Leif Moland, forskningskoordinator, innovasjons- og virksomhetsstudier i forskningsstiftelsen Fafo.

 

Surnadal kommune deltek i det nasjonale programmet Saman om ein betre kommune.

 

Vi har uttala følgjande effektmål:

·         Styrka grunnmur for heiltidskultur ved å fjerne uønska deltid innan 01.07.2017

·         Betre tenestekvalitet til brukarane og meir effektiv drift

 

Som eit ledd i arbeidet med å fremme ein heiltidskultur i kommunen arrangerer vi fagdag om dette temaet 27 november. Vi er så heldige å få besøk av Leif Moland, forskningskoordinator, innovasjons- og virksomhetsstudier i forskningsstiftelsen Fafo til å halde foredrag om kva forskninga på området viser.

 

Kommunal og regionaldepartementet har bedt Forskningsstiftelsen Fafo, Ressurssenter for omstilling i kommunene (RO) og AgendaKaupang om å gjennomføre ein studie av kommunar som driv utviklingsarbeid knytta til programmet Saman om ein betre kommune.

 

KRD skriv:

«Vi ønsker en mer omfattende beskrivelse, oppfølging og analyse av noen av kommunenes prosjekter innenfor de fire temaene, fra start til slutt. Hensikten er å vurdere om deres tiltak oppnår resultater og hva som er driverne for nettopp dette slik at en kan få fram hva/hvilken praksis som lar seg overføre.»

 

På oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet kjem difor Leif Moland frå Fafo hit tysdag 26.november 2013 for å gjennomføre intervju (dagen før fagdagen vi skal ha om Heiltidskultur). I samband med prosjektet har departementet bestemt at dei ønskjer å innhente meir informasjon frå 16 kommunar. Surnadal kommune er ein av fire kommunar som det skal innhentast meir  informasjon frå om temaet heiltid/deltid.

 

Her er eit par uttalelsar i samband med fagdagen:

 

·         Einingsleiar for piloteininga i prosjektet Ann Kristin Tørset ved institusjonane: ” Institusjonane er i gang med eit spennande utviklingsprosjekt i Saman om ein betre institusjon.  Vi arbeider målretta mot å bli en aktiv institusjon, der kvar enkelt er verdifull. Å arbeide med ein heiltidskultur er avgjerande for at vi skal nå måla våre om betre kvalitet på tenestene, betre ressursutnytting  og betre organisering så dei tilsette får ein enda betre arbeidskvardag.”

 

·         Rådmann Knut Haugen: ” Mitt langsiktige mål er at den totale ”ubruka” arbeidskraftressursen som tilsvarar samla uønska deltid i kommunen skal bli utnytta gjennom auka stillingsprosentar ved framtidig rekruttering.”

 

 

Nedafor kan du se invitasjon til fagdagen.

Vi vil bruke kinosalen, ikkje Storstuå som det står på invitasjonen.

 

Sjå også denne omtalen av Surnadal kommune sitt arbeid tidlegare på Trollheimsporten, der ein viser til siste nr. av Kommunalnytt.