NoFo foredragssalen_350x233

Foredragssal i ny drakt

Elevar frå Surnadal vidaregående skule har saman med læreran sin vore engasjert med å renovere foredragssalen på Nordmøre Folkehøgskule. Frå flatt golv og litt dårleg sikt, med vanskelege lys- og lydforhold, får salen no amfi og topp lys og lyd. Oppgraderinga av foredragssalen er eitt av flere tiltak der folkehøgskulen nå fornyar seg på bygningssida. Musikkavdelinga har fått nye øvingsrom og styrkerommet er oppgradert, melder Trollheimsporten-medlem Nordmøre Folkehøgskule på si heimeside.