skolearena

Nyttig informasjon til foreldre og føresette som har elevar på Surnadal vidaregåande skole

Foreldrepålogging i Skolearena

Føresette som ønskjer det, kan få eiga pålogging til Skolearena, slik at dei får tilgang til underveisvurderingar i fag, fråvær og merknader til borna sine (som er under 18 år). Det skriv Surnadal vidaregåande skole på si heimeside.

Føresette registrerer seg sjølv på skolearena, og kontaktlærar får deretter ein e-post og godkjenner tilgang. Du vil da få tilsendt brukarnamn og passord til pålogging.  Klikk her for å logge inn, eller for å registrere deg som ny brukar.

Er du ny brukar? Sjå brukarmanual ved å klikke her. Ta kontakt med skolen om noko er uklart. (Du må velge Møre og Romsdal Fylke som skoleeigar i nedtrekksmenyen).

Link direkte til foreldrepålogginga vil du alltid finne i høgre marg på heimesida vår www.surnadal.vgs.no 

NB! Du må be om ny tilgang kvar haust.


Surnadal vidaregåande skole er medlem av Trollheimsporten. Her er ei oversikt over alle medlemmane.
Bli medlem du òg. Fordelane er mange! Klikk her for å bli medlem.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA