Full sal

Foreslår å legge ned Bøfjorden skule

I ei innstilling til oppvekstutvalget i Surnadal foreslår rådmannen å slå saman Bøfjorden skule og Bæverfjord skule til ein skule frå 1. august 2013 med fysisk plassering Bæverfjord skule. Det betyr ei nedlegging av Bøfjorden skule. Oppvekstutvalget skal ha saka på sakskartet i neste uke. Kommunestyret i Surnadal får saka til behandling 6. desember. Her ser vi frå Bøfjorden skule da dei feira 40 år i 2010.

Dette er innstillinga frå rådmannen til møtet i oppvekstutvalget i neste uke:
«1. Bøfjorden skule og Bæverfjord skule blir slått saman til ein skule frå 01.08.2013 med fysisk plassering ved Bæverfjord skule.

2. Ny forskrift for Bøfjorden og Bæverfjord skulekrins frå 01.08.2013:
a) Bøfjorden skulekrins og Bæverfjord skulekrins frå 1974 skal frå 01.08.2013 vere ein skulekrins.
b) Skulen skal vere lokalisert i skulebygget i Bæverfjord.
c) Den nye skulekrinsen heiter «Skulekrins for Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter».
d) Alt skuletilbod etter Opplæringslova vil bli gjeve ved Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter i Bæverfjord. Dette vil vere ordinær grunnskuleopplæring for 1. -7.trinn, leksehjelp 1.- 4.trinn, fysisk aktivitet 5. -7.trinn og skulefritidsordning for 1.- 4.trinn.
e) Eventuelt nye aktivitetar eller tilbod etter Opplæringslova vil bli gjeve på same stad.

3. Forslaget om samanslåing av Bøfjorden skule og Bæverfjord skule og ny forskrift til skulekrins for FAU, Skulemiljø- og samarbeidsutvalet, elevrådet og personalet ved Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter, og Utdanningsforbundet i Surnadal. Høyringa blir gjennomført i tråd med foreslått høyringsprosess i saksframlegget.

4. Høyringsfrist er sett til 31.01.2013».

Tidens Krav har denne saka på nett i dag.

Under frå 40 årsjubileet til bøfjorden skule i 2010:

Full sal