
Foreslår kutt i skuletilbodet
Utdanningssjef Per Hoem (bildet) vil leggje ned fleire tilbod i dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal. I Surnadal kan Vg2 Transport og logistikk forsvinne frå neste skuleår.Fylkeskommunen legg i ekspressfart ned 15 utdanningstilbod med til saman meir enn 100 studieplassar ved vidaregåande skular i fylket. Det skriv NRK Møre og Romsdal på si nettside.
- Dette er tilbod som har så lita søking at dei må leggjast ned. Det er færre enn fire søkjarar stort sett, og då er det ikkje liv laga, seier utdanningssjef Per Hoem.
Utdanningssjef Per Hoem forsvarer at nedlegging skjer så raskt, slik at prøveinntaket ved skulane skal bli mest mogleg realistisk. Målet er å ha eit skuletilbod som er i samsvar med ungdomane sine eigne ønske.
Legg ikkje ned dei ein kan fylle opp
- Vi har sjekka så vidt andreønska. Der det er store sjansar for at dei blir fylte opp med søkjarar som har tilbodet på andreplass legg me ikkje ned, seier Hoem.
Tilbod som no forsvinn er mellom anna 15 plassar i interiør ved Kristiansund videregående skole, sju plassar i utstillingsdesign ved Romsdal videregående,
Vg2 Akvakultur i Fræna, og ein del plassar i bygg og anlegg og helse- og sosialfag ved Tingvoll videregående.
Kostar mykje pengar
Det kostar Møre og Romsdal fylkeskommune dyrt å ha mange skuletilbod rundt om på alle vidaregåande skulane og mange skular kjempar hardt for å berge utdanningstilboda sine.
- Det er fyrst og fremst for å kunne halde i gong tilbodet der det er stor søking, seier utdanningssjefen.
- Bak ligg det eit budsjett, legg Hoem til.

.png)

