
Bøfjorden Historielag
Forlis som tema den 8. juli
Dramatiske forlis har dessverre skjedd ofte langs kysten vår. På Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag fortel Egil Snekvik om tragedien med hurtigruta “Sanct Svithun I” i 1943. Skipet vart bomba av eit engelsk fly, og 43 personar omkom. Snekvik har samla informasjon frå overlevande og pårørande.
I 1962 forliste også den nye “Sanct Svithun II” - med tap av 41 menneskeliv.
På museumsdagen i helga blir det korte tilbakeblikk på fleire dramatiske hendingar til sjøs.
Egil Snekvik har samla stoff om Sanct Svithuns forlis.
Sanct Svithun I vart senka utafor Stadt 30. september 1943.
Museet er ope frå kl. 13:00 til 17:00. Servering av kaffe.