Kari Gåsvatn 

Formidlarpris til Kari Gåsvatn

Under utdelinga av Matprisen 2016 gjekk Formidlingsprisen 2016 til journalist Kari Gåsvatn, fordi ho er solid tilstades i norsk offentleg debatt, med skråblikk på matproduksjon og forbruk i norske og internasjonale forhold. Ho er frå Gåsbakk, Rørdalen i Rindal.

Kari Gåsvatn har jobba som journalist og kommentator sidan 1970. Det er ingen tvil om at ho inspirerer folk til å ta bevisste matvalg, gjennom å fortelle viktige historier om maten vi produserer, lagar til, et og nyt. Kari avdekker faktiske forhold og gir ny innsikt i kompliserte og viktige problemstillingar. Prisvinnaren trekker inn oppdagingar frå forskarar, aktualiserer tørre rapporter og populariserer forsking på heile næringskjeda frå jord til bord.

Matprisen vart etablert i 2014, og gjekk av stabelen for tredje gong 10. november 2016. Målet er å heidre dei som er med på å auke bruken og produksjon av økologisk mat, og ikkje minst dei som serverer ein bærekraftig meny. Matprisen kan gå til bonden så vel som til kokken, til store som små, private eller offentlege aktører, bedrifter og personar. 

Matprisen har motteke over hundre nominasjonar, til seks ulike priskategoriar, og juryen plukka ut desse sigerherrane:

Matprisen gikk til Maaemo.
Restauranten, med Esben Holmboe Bang i spissen, har sett Norge på det gastronomiske verdskartet. Maaemo ble i 2016, den første nordiske restauranten med tre stjerner i Michelinguiden, står det som grunngjeving i pressemeldinga.

Årets formidlar vart Kari Gåsvatn. Som journalist inspirerer ho folk til å ta bevisste matvalg, gjennom å fortelle viktige historier om maten vi produserer, lagar til, et og nyt.

Årets kjøkken vart Sjøforsvaret/ MarCSS Forpleining Produksjonskjøkkenet. Med ein økologisk andel på 30 prosent ligg dei mange sjømil framom regjeringas mål om 15 prosent økologisk forbruk innan 2020.

Debioprisen gikk til Sund folkehøyskole. Den har imponerande 80 prosent økologisk mat på skolen og legg dermed til rette for gode kosthaldsvanar hos unge menneske. Dei bidreg til å skape bevisste og ansvarlege forbrukarar, skriv juryen.

Bonden og kokken gikk til Bergsmyrene gård, for sitt utrøttelege arbeid med å levere og formidle dei beste råvarene til fleire av landets beste restaurantar.

Utfordrarprisen gikk til Tine. Juryen for Matprisen 2016 utfordrar Tine til å tilby fleire økologiske alternativ i skolemjølkordninga.

Bak initiativet med Matprisen står ØQ - Økologisk mat i storhusholdning og DebioInfo. 

Les også kva ho uttalar ti avisa si, Nationen, om Formidlarprisen!