Vårsøg Hotell Open dag 16_350x233

Fornøgd med hotellstarten

1. november åpna det nye Vårsøg Hotell på Skei i Surnadal dørene. – Det har gått veldig bra til no, seier hotelldirektør Bergsvein Brøske til Driva. Han fortel at hotellet har budsjettert med 1,5-2 millionar i omsetjing i november. – Og slik det ser ut no skal vi klare å bevege oss opp mot to millionar, seier Brøske.

– Vi har nok vore litt heldige som åpna på denne tida av året, for no er det sesong for julebord, juleavslutningar og jubileum. Vi håpar at det skal danne ein god grunnmur, og hjelpe oss med innsal til neste år, seier sals- og arrangementsjef Sara Brauten.

Ho fortel til Driva at det skal vere ei eller anna form for arrangement på hotellet nesten kvar dag fram til jul.