
Fornøgd og takknemleg Vårsøghelg-leiar!
- No er vi først og fremst veldig lykkelege og takknemlege for at årets Vårsøghelg er vel i hamn, og ikkje minst den utrulege avslutninga med «Henning – så langt».
Dagleg leiar i Vårsøghelga, Gerd Ingrid Kvendset, og medarbeidarane hennar er slitne, men fornøgde dagen etter ei Vårsøghelg som fekk ei historisk avslutning søndag kveld, med den fantastiske framsyninga til ære for 60-årsjubilant Henning Sommerro. Med ein fullsett Surnadal idrettshall med rundt 1000 personar frå heile Midt-Norge blant publikum, føler arrangørane at dei fekk løn for alt strevet med denne storoppsettinga.
- Det vart akkurat den kvalitetsmønstringa vi håpa på å kunne lage, da vi fekk ideen til Henning-konserten før fjorårets Vårsøghelg. Men spenninga om ein lykkast blir ikkje endeleg utløyst før konserten er over, så no er det berre godt. Eg tykkjer vi på ein flott måte fekk vist spennet i Henning sin produksjon, seier Kvendet.
Ho er snar til å trekkje fram den dugnaden både Vårsøghelga og ikkje minst «Henning – så langt» er resultatet av.
- Det er så utruleg mange vi må takke for at alle brikkane kom på plass i dette puslespelet. Det er vanskeleg å begynne og trekkje fram nokon, men eg vil likevel gje ei ekstra verbal rose til alle dei frivillige som ofra nesten heile finverspinsa for å få alt det tekniske og praktiske i idrettshallen på plass. Lydmannen vår, som jobbar mykje rundt om i landet, sa han var imponert over måten vi hadde fått dette til på og meinte at noko liknande i hovudstaden hadde utløyst ein prislapp på over ein million. «Henning – så langt» var altså avslutninga på Vårsøghelga 2012, men Gerd Ingrid Kvendset har òg mykje anna positivt å dra fram i si oppsummering.
- I tillegg til at «Henning – så langt» vart alt det vi hadde drøymt og, og meir til, så kan vi sjå tilbake på mange flotte og vellykka arrangement. Vi var spente på om enkelte ville bortprioritere Kleiva til fordel for Henning-konserten, men fekk heldigvis stadfesta at kombinasjonen godt program, Kleiva og godt vêr er noko folk verkeleg vil ha med seg. Så mykje folk som det var på Kleiva i år, har vi kanskje aldri hatt – og det er artig å sjå kor godt både publikum og artistar trivst på den unike konsertarenaen vår.
- Elles har vi hatt vellykka konsertar på dei to heilt nye og spennande konsertstadene våre – gammelfabrikken i Todalen og brannstasjonen på Øra, med utrulege Hot Club de Norvège, pinsekvelden. Sjølv om det er teknisk krevjande å installere seg på så mange ulike plassar som vi gjer i Vårsøghelga, så tykkjer vi det er veldig artig og givande å presentere musikken og annan kultur i nye omgivelsar, seier Kvendset.
Vèret har ofte vore eit usikkerheitsmoment under Vårsøghelga, men i år slo altså vêrgudane til med sol og høgsommartemperaturar. Kvendset får seg ikkje til å klage på godvêr, men medgir at dette skapte litt problem spesielt laurdag. - Vi forstår at folk får problem med å prioritere innekonsertar når godvêret endeleg slår til, og lite besøkte arrangement som barneteateret, Driva-debatten og Sagatun-konserten vart nok offer for akkurat dette, seier Kvendset, som seier at ho og styret ikkje har full oversikt over det økonomiske enno. – Det store publikummet på Kleiva og Henning-konserten veg bra opp for andre programpostar der vi var under budsjett, så vi håpar at totalen ikkje skal bli så aller verst, seier Kvendset.
Som allereie så smått har starta tankearbeidet rundt neste års Vårsøghelg. Opplegget vil nok stort sett følgje malen, men det blir ei utfordring med at fredagskvelden før neste års pinse fell på 17. mai. - Dette gir oss både mulegheiter og utfordringar, men eg tykkjer det er naturleg å nytte dette høvet til å ta ein diskusjon i styret om vi bør knytte Vårsøghelga til ei fast helg i mai, i staden for til pinsa.
- Elles vil vi fortsette arbeidet for at òg eit yngre publikum og frå ein større region skal få smaken på all den kvalitetskulturen Vårsøghelga har å tilby. Vi er veldig takknemlege for at mange eldre er så flinke til å ta del i programtilbodet vårt, men i tillegg håpar vi at enda fleire 20-50-åringar, og ikkje minst ungdom og ungar får ta del i den store kulturfesten Vårsøghelga er. Vi meiner òg at vi har eit program som i enda større grad skal kunne trekkje publikum frå Kristiansund-, Trondheim- og Moldeområdet, avslutter ein altså strålande fornøgd festivalleiar.
