UNADJUSTEDNONRAW_thumb_ad49

Fornøyeleg revy i Todalen

Revygjengen jobba intenst i julehøgtida for å legge tilrette for ein triveleg og sosial kveld i Todalen Ungdomshus 4. juledag. Nesten 70 betalande hadde sett av kvelden, og kunne fornøyeleg nyte ein stor time med underhaldning fra scena.

UNADJUSTEDNONRAW_thumb_ad4b.jpg

UNADJUSTEDNONRAW_thumb_ad50.jpg

Dei var ikkje så mange som var delaktige på scena, men dei som var med gjorde gode figurar alle i hop! Særleg artig er det at yngre krefter kjem oppi att og bidreg i fleire av numra slik som Oda Halle og Astrid Longva Kvendset gjorde, saman med dei meir rutinerte «gamlekarane» Anders Gjeldnes, Nils Ove Bruset, Lars Sæther og Stig Husby. Vi vart tidleg gjort oppmerksom på at Hallingen kunne komme ut for litt harselas, derav overskrifta som visstnok er beskrivelsen av ein halling. Utgravingane ved skulen og nedgravingane på Husby kunne naturleg vis ikkje unngå å bli nemt.

UNADJUSTEDNONRAW_thumb_ad4c.jpg
Anders Ansnes Karlsen og Ståle Ansnes var tilstades og kunne ta i mot utmerkelsen frå Astrid Longva Kvendset på vegne av alle medlemmane i laget.​
 

Før pausen vart den gyldne patron utdelt. I år gjekk den til Todalen brannvesen (Surnadal brannvesen avdeling Todalen), som alltid stiller opp for bygdefolket når det er behov for dei. Dei har dei siste åra fått utvida oppgåver med både hjartestartar og PLIVO-kursing som gjer at dei kan bistå i ulike hendingar før forsterkningar som politi, ambulanse og brannmanskap frå Surnadal ankjem Todalen.


På Todalen.no kan du sjå mange bilde frå revyforestillinga.


Tekst og foto: Elinor Bolme/Todalen.no