Bioforsk_hovedbanner - bare logo

Trollheimsporten har over 200 medlemmer!

Forskingssenteret Bioforsk Økologisk nytt medlem

Forskingssenteret Bioforsk Økologisk er nasjonalt kompetansesenter for økologisk landbruk. Vi arbeider med heile verdikjeda frå jord til bord. I tilknyting til senteret fins det eit økologisk gardsbruk, økologisk hage, laboratorium, klimarom, bibliotek og komposthus. Nå er Bioforsk Økologisk nytt medlem i Trollheimsporten, som gratulerer og ønsker velkommen.

Slik presenterer dei seg sjøl:
Bioforsk Økologisk ligg i Tingvoll kommune på Nordmøre. Senteret har 30 tilsette. I tillegg er rundt 20 fagpersonar ved andre Bioforsk-avdelingar knytte til fagområdet Økologisk mat og landbruk. Administrasjonsbygningen ligg på Tingvoll gard med nydeleg utsikt over fjord og fjell.

Stjernehagen - økologisk hage
Demonstrasjonshagen ved Bioforsk Økologisk på Tingvoll er verd eit besøk! Noko av den vert brukt som skulehage, kjent frå programmet Grønn glede i NRK. I vekstsesongen er det faste arrangement i hagen.

Tingvoll gard
Eit forpaktarpar driv Tingvoll gard. Dei har rundt 25 årskyr, og produserer økologisk mjølk. Garden er på 300 daa innmark, og er open for omvising. Nytt fjøs er under planlegging. Bioforsk Økologisk har også forsøks- og demonstrasjonsfelt på garden, knytte til prosjekta som er i gang. Ein verstasjon er også lokalisert på Tingvoll gard.

Laboratorium og bibliotek
Senteret har laboratorium og klimarom. I administrasjonsbygningen er det 35 kontorplassar som Bioforsk Økologisk disponerer, og fem kontorplassar som leiges ut til andre. Senteret har eit fagbibliotek med mykje litteratur om økologisk landbruk.

Sol- og bioenergisenter
Tingvoll Sol og Bioenergisenter er eit regionalt kompetansesenter som skal arbeide for å auke interessa for og kunnskapen om sol- og bioenergi, og bidra til ein bærekraftig energibruk. Senteret er eitt av tre senter for fornybar energi som Møre og Romsdal fylkeskommune har satsa på. Dei to andre sentra er på Smøla (vindenergi) og Runde (havenergi).

Kulturminne
Tingvoll gard var tidlegare prestegard. Her finst det mange kulturminne og flotte turområde. Garden ligger midt mellom det aktive bygdemuséet og steinkyrkja i romansk stil frå ca. 1180. Dette er grunnen til at kommunen satsar på eit opplevingssenter bygd på kultur, historie, miljø og økologi. Før låg det eit stjerneobservatorium der hagen ligger no. Derfor kallar vi den for Stjernehagen. Eit nytt hus med stjernekikkert er no på plass. Her kombinerer vi altså historie, astronomi og agronomi.

Trollheimsporten gratrulerer Bioforsk Økologisk som nytt medlem og ønsker velkommen. Bli med i Trollheimsporten du også - alle som er med her!