
Fotballinvestorar samarbeider for Surnadal, Molde og KBK

Dei opprinnelege investorane i «Aksjon Opptur» for spelarkjøp og -sal i MFK er med i nysatsinga, og får altså med seg mange nye i samarbeidsprosjektet mellom klubbane, skriv rbnett.no.
18 aksjonærer er så langt på plass, og ytterligere éin kan være klar over ferien. Aker ASA har tre aksjeandelar, dei andre har éin kvar.
- Vi kan utvide dette til 30 aksjonærar, det er mange som ønskjer å vere med. Alle forpliktar seg til eit årleg bidrag, og totalt vil dette gje millionbeløp til disposisjon for klubbane, slo Erik Berg fast da investor- og næringsforumet NoRo vart presentert måndag.
Investorbidraget vil liggje på mellom éin og ti millionar kroner. KBK og MFK får 40 prosent kvar, medan Surnadal får 20 prosent.
Bildet viser MFK-kaptein Daniel Berg Hestad og Surnadal-spelar Roy Bolme etter 1.runde-oppgjeret i cupen på Syltøran i mai, ein kamp MFK vann 3-1.

.png)

