52-17 Søndagturen
Fottur til Fauskåvatnet
INFORMASJON FRA 52-17 SØNDAGSTUREN
Turnavn:
Fottur til Fauskåvatnet – Søndagstur i Surnadal
Tursted:
Fauskåvatnet, Surnadal
Oppmøtested:
Felles start frå parkeringsplassen i Søyådalen kl. 12.00 søndag 1. nov.
VEIBESKRIVELSE:
Frå Skei i Surnadal køyrer du ca. 5 km i retning Kvanne. Her tek du av mot venstre til Østbø. Etter 0,5-1 km svingar du nok ein gong til venstre mot Østbødalen. Køyr vidare innover Østbødalen og vidare til enden av vegen i Søyådalen. Vegen innover Søyådalen er bomveg, så hugs pengar til bommen! Ved bru nummer to parkerer du bilen. Her vil du bli møtt av arrangørane.
Parkeringsplassen er ikkje skilta, men den ligg like ved den andre brua i Søyådalen. Arrangørane vil møte deg her.
Dato og tidspunkt:
Søndag 1. november frå klokken 12.00 og så lagt tid vi treng utover.
Turbeskrivelse:
Turen går til Fauskåvatnet i Søyådalen, 579 m.o.h., og går det første stykket etter grusveg, seinare etter sti. Turen er bratt til å begynne med, men vegen er bra. Når vi kjem på slutten av grusvegen og over tregrensa, går stien flatt innover dalen og vi får ein flott utsikt. Ca.350 høgdemeter stigning i løpet av turen.
AKTIVITETER:
Surnadal kommune har ei hytte oppe ved vatnet. Her kokar vi kaffe. Fauskåvatnet er drikkevasskjelde for Surnadal. Albert Maasen vil fortelje om kvar vatnet kjem frå og korleis vassbehandlinga fungerer.
Utstyr å ha med:
Vanlig turutstyr tilpasset årstid og turterreng/-mål.
Kontaktperson:
Norsk vandrefestival i Surnadal ved Albert Maasen – tlf. 46879845 eller Gry Nordhusstuen - tlf. 942 63 514.
Les mer om søndagsturen på www.5217.no
Foto: Albert Maasen