Med di hand i mi

Frå arkivet for eitt år sidan: Ny singel og musikkvideo frå Perikom

Annonse: Perikoms nye singel er no ute, og den fins på dei fleste streamingstenestene, samt at det òg er laga ein video i samband med låta!

 Perikoms nye låt heiter "Med di hand i mi", ei tekst som er skrive av Jørgen Gravvold og melodi laga av underteikna, Karstein Mauset. Gjestevokalist er Lisa Botterli Flostrand, "surndalsdråk" med stor stemme som tilfører låta mykje! Dette er andre singel frå Perikom etter at plata Flomål kom ut, og plana er at det skal enda opp i ei fullengds plate eingong inneværande år. Det er utelukkande eit økonomisk spørsmål om det blir noko av, for songar er det nok av! Så potensielle sponsorar kan berre ta kontakt! 

Låta er spelt inn hos Øra Studio, Tr.heim og Dreamfarm, Surnadal og medverkande på innspelinga er:

Jo Ranheim - gitarer

Ronny Kjøsen - trekkspill,piano

Stian Lundberg - slagverk

Morten Stai Berger - bass

Lisa Botterli Flostrand - vokal

Karstein Mauset - vokal

Videoen er laga av Kristoffer Hylland Skogheim hos Øra Studio. Dei som har vore med på både innspeling,teknikk,mastering og utgjeving er Jo Ranheim, Kristoffer H. Skogheim og Karl Klaseie, Øra Studio, og Ola Langli, Frank Spoon Botten og Rolf Paulsen, Dreamfarm. 

Låta er gjeve ut på Dreamfarm Records. Coverfoto: Kristoffer Hylland Skogheim.

Våre sponsorar for utgjevinga er: Surnadal Sparebank, Rindal Sparebank og Rindal Kommune. Utan dykkar hjelp hadde ikkje dette vore gjennomførbart!

Takk til alle som har bidrege og gjort dette til det det har blitt!

Høyr låta på Spotify her

Både sjå og høyr låta her her.

Perikom
Karstein Mauset