
Frå Frp til Høgre
Kommunestyrerepresentant Marit Granhus Kringlebotn, som like før jul meldte seg ut av Frp, er no blitt medlem av Høgre og stiller til val for partiet til årets lokalval. Ho seier til dagens papirutgåve av Driva at ho meldte seg inn i Høgre like etter utmeldinga av Frp, men ikkje var førebudd på å bli spurt om å stå på lista.

Granhus Kringlebotn forklarte utmeldinga frå Frp mellom anna med press frå sentralt hald om å føre ein politikk som er vanskeleg overførbar til lokale forhold.
- No er dei faktoranne som gjorde det tungt å drive politikk, borte. Motiviasjonen er tilbake, og eg er glad for førespurnaden om å stå på Høgre-lista, seier ho til Driva.
Det er enno ikkje avgjort kva plass den tidlegare Frp-representanten får på Surnadal Høgre si liste. Partiet skal ha nominasjonsmøte i neste månad.

.png)

