tommel opp liten

Knyken skisenter:

Frå sofagris til skihoppar

Eg har alltid vore stor hopp-entusiast og som gutunge dreiv eg aktivt. For eit års tid sidan datt det ein tanke inn i hovudet på meg; Kan eg hoppa på ski fortsatt? Er 30 år for lang pause? Med vekslande hell har eg i vinter/sommer prøvd meg såvidt i bakken att og er fremdeles nesten uskadd...

Først måtte eg finna nokon som kunne gje meg nokre råd på vegen, og tok kontakt med hoppentusiast/eldsjel/veteranhoppar Olav Jarle Spjøtvoll som ofte er å finna i Orkdals hoppanlegg Knyken. Etter samtalar med han, fekk eg skaffa meg utstyr, som eg kjøpte på Finn.no. Det var ikkje berre enkelt å finna hoppdress til ein lut-rygga 190cm høg slabedask som i tillegg hadde liten air-bag foran og er førehaldsvis sid i skit-fallet! Men det ordna seg til slutt. Dressen og hjelmen eg kjøpte skulle angjeveleg ha tilhøyrd  tidligare kombinertløpar Magnus Moan, så da kan eg ikkje klaga på utstyret i allefall!

Dressen hadde eit hol i ræva som måtte bøtast. Eg kvidde meg litt for å spørje mor om ho kunne tråkla saman holet, eit oppdrag ho ikkje hadde teke på seg på 30 år. Då eg fortalde om ambisjonane mine, tok ho seg til ansiktet og rista på hauet... Eg forstår reaksjonen godt! Men ho fekk lagt på ein saum, og dressen vart god som ny! Skia eg fekk tak i kan vel kallast årgangsski! Sikkert borti 20-25 år gamle! Eg valgte dei, då eg foretrekker god gammeldags "kandahar-binding" og ikkje den nymotens bindingen med berre ein stropp festa til hælen!

skismøring liten.jpg
Smøring av hoppski. Det er leeeenge sidan sist eg gjorde det.

hoppdressbøting 1 liten.jpg
Mor Grethe reparerer hoppdress!

I byrjinga på mars tok eg turen til det fantastiske skianlegget i Knyken i Orkdal. Der vart eg møtt av Olav Jarle Spjøtvoll. Etter ein liten pep-talk, vart vi eininge om at K-20 bakken var ein fin plass å starta! Eg var nok litt nervøs då eg slapp bommen på første hoppet,og brillane dogga så fælt pga av "kraftanstrengelsen" det var å gå opp til toppen, men det gjekk greitt, utan at det blei den store lengden, men eg sto fjellstøtt! Lyden av skisåle mot porselensspor var ei ny oppleving! 

Sidan eg var/er ganske utrent, vart det ikkje meir enn 3-4 hopp den kvelden, men det ga meirsmak! Meistringsfølelse deluxe! Etterpå var det kaffe og bakels i varmebua, og prat om gamle hoppbravader! Dessverre kom koronaen og dermed gjekk vintersesongen i vasken!

hopp 9.3 3 liten.jpg
Jau...ser i allefall ut som ein skihoppar i klesvegen i det minste!

Som nevnt er Knyken Skisenter eit flott anlegg for skiidrett både sommar og vinter, og det er heile fem hoppbakkar som er plastbelagt og kan nyttas på sommaren òg! Difor måtte jo det sjølsagt prøvast! Med friskt mot tok eg turen anledning veteran-samlinga for tilårskomne skihopparar, og eg fekk meg vel ein liten støkk når to av dei tre første eg såg hoppa datt så lang dei var når dei skulle prøva å stoppa seg på flata! Det vart både blåveis og sår på haka på ein av dei! Men etter ein liten pause, så labba han oppatt til toppen att! Ikkje dårleg, når det høyrer med til historia at dette er menn som har passert både 60 og 70 år! Imponerande!

Eg har hoppa på plast ein gong før... i 1985...så eg visste ikkje kva eg gjekk til! Etter null oppvarminng, null prøving av glid, tok eg med til topps av K-20 bakken. Eg såg at startbommen var mykje høgare opp no enn i vinter og ropa ned til Olav Jarle for å spørje om eg skulle flytta den ned nokre hakk. "Kainnj godt gå ned et par bomma, ja" var svaret og eg flytta ned nokre hakk. Framleis var det eitpar hakk opp frå i vinter.

Eg sette meg på bommen og pusta tungt eitpar gonger og sette i veg! Eg tykte ikkje det gikk så fort så eg bestemte meg for å ta i det eg hadde på kanten! Det var kanskje ikkje det luraste eg har gjort, for eg fekk, etter eiga meining, superhøgde over kulen og tok ikkje bakken før i overgangen mellom bakke og flata! Hadde ikkje sjanse til å halda meg på føtene, og datt så lang eg var!

Det gjekk eigentleg bra, men eg pådro meg ein strekk i lysken, som antagligvis skuldast at eg er mjuk som eit spett! Blir nok ein liten pause no, før eg prøvar att!

Ekte veteran liten.jpg
Eg og Svein Husby, Bratsberg IL. Han la opp som hoppar for eitpar år sidan.....han er fødd i 1939......

Anlegg sommer liten.jpg
Supert anlegg

Veterangjengen liten.jpg
Veteranar frå store delar av landet var samla i Knyken.

Dette får vera mi førtiårskrise, for eg har hverken interesse for motorsykkel, å gå birken, bil uten tak eller trøsykkel til 50.000kr. 

Anbefalar barn og unge som er interessert i å prøve skihopping om å ta turen til Knyken! Dei har utstyr til låns! Skulle berre mangle at det fanns skihopparar i ski-bygda Rindal òg!

Foto: Karstein Mauset, Olav Spjøtvoll, Anne Bolme og Per Inge Holstad.

God Sommar!

Hopphelsing frå hobbyjournalist Karstein Mauset.