Frå wok til grillspyd
Med laks som hovudingrediens var det duka for kokkekamp under NBU sitt landsstemne fredag.
Eit bugnande bord av matvarer var utgangspunkt for deltakarane i junior-og seniorklassen til å diske opp ein rett med det ein trygt kan seie er Surnadal sin “nasjonalfisk” - laks. Deltakarane fekk ein time til å lage den sjølvvalde retten, før dommarane trådde til med smaksløkane. Kva slags mat som skulle lagast var ikkje kjend for deltakarene før dei kom til tevlinga, så her speler altså improvisasjon ei stor rolle!
Kristina og Ida Marie frå Østfold (under) tevla ikkje berre i kokkekampen for fyrste gong, men er også på sitt fyrste landsstemne. Dei valde å løyse oppgåva ved å lage ein laksewok.
Deltakarane dømmast ut i frå samarbeid på laget og arbeidsmåte, økonomisk forbruk, idé og komposisjon, ferdigheter, smak og heilskapsinntrykk.
Vinnarane annonserast under premieutdelinga fredag kveld.
Det kokkelerast!
... og grillast.