Framleis totalforbod mot bruk av open eld
Surnadal kommune minner torsdag på sine heimesider om at totalforbodet mot bruk av open eld framleis gjeld. Tørka medfører betydeleg auka fare for brann i skog og anna utmark. Sist for to dagar sidan oppstod ein gressbrann mellom Kvanne og Stangvik.
Bildet over er frå gressbrannen mellom Stangvik og Kvanne tysdag formiddag.
"Minner om gjeldande totalforbod og aukande skogbrannfare: Tørke medfører betydeleg auka fare for brann i skog og anna utmark. Difor er det eit generelt forbod mot bruk av open eld i heile landet i sommarhalvåret i skogen, påfjellet, på stranda, og ved naturområde som ikkje er innmark. Totalforbodet gjeld framleis i Surnadal kommune inntil kommunen har kunngjort ei oppheving på kommunen sine heimesider.
- Sol, varme og vind slik vi no har hatt over lang tid, gjer faren spesielt stor. Tørkeskada vegetasjon bidreg til brannfare langt over normalen. Sjølv om det enkelte stader har kome nedbør, er vedvarar faren for brann da vegetasjonen tørkar raskt opp i fint ver, seier brannsjef Tor Arne Moen i Surnadal kommune."
Surnadal kommune minner om at folk må vise aktsomheit og at den som utfører aktivitet med eld står ansvarleg for brannsikkerheita. Les meir på Surnadal kommune sine heimesider.