Picasa

Norsk Laksefestival 2014

Framtida til Surna

Surnadal har nettopp reist statue av ein laksefiskar og ikkje ein kraftturbin, sa Kjell Lund i Fiskeraksjonen for Surna under samtalen etter innleiingane på fagdagen Norsk Laksefestival hadde i Surnadal kulturhus torsdag.

Kjell Lund hadde dette budskapet til Statkraft: «Den tida da Statkraft kan gjere som dei vil med Surna er over». Han minte om at kommunen nettopp har sett opp ei statue av ein laksefiskar framfor kulturhuset, - ikkje ein turbin!

Norsk Laksefestival opna i dag med ein fagdag der revisjonen av reguleringsvilkåra for Surnavassdraget var temaet. Ordførar Mons Otnes la i åpninga av fagdagen fram ein historikk om reguleringa av Folla og Vindøla.

I 2012 starta arbeidet med revisjon av dei vassdraga som alt var utbygd. Revisjonen skal sjå på miljøkonsekvensane av utbyggingane.

Konsesjonen skal ikkje endrast. Det er vilkåra for konsesjonen som er til behandling.

Ordføraren rosa pressa for at den har vore med på å løfte denne saka fram.

Styringsgruppa som Rindal og Surnadal kommunar sette ned i 2009 var viktig. Den la i 2011 fram forslaget sitt, og det vart vedteke i kommunestyra i Rindal og Surnadal.

Av krava i dette vedtaket nemner vi minstevassføring ovafor Trollheim Kraftverk, miljøbasert vassføring nedafor stasjonen, unngå effektkjøring og brå vasstandregulering, betre flomskjøtsel og biotopjustering av elveløpet.

 

Statkraft kom med sitt tilsvar i november 2011.

Surna er prioritert først i MR og er av dei tre fremste i landet, sidan det er eit Nasjonalt laksevassdrag.

 

Statkraft utarbeidde revisjonsdokumentet, og no er det ute på høring med høringsfrist 20.august.

Rindal og Surnadal kommunar vil levere samordna uttale.

Alle kan gje uttale til revisjonsdokumentet.


Ordførar Mons Otnes og Hege Eiken Hartveit frå Statkraft,  -  eit lite stykke frå elva.

Hege Eiken Hartveit fra Statkraft orienterte så om Revisjonsdokumentet som Statkraft har laga om reguleringa av Folla-Vindøla.

Målet med revisjonane er å gjere miljøforholda i regulerte vassdrag betre. Det er ikkje ei form for ny konsesjonsbehandling.

Det er NVE som styrer denne revisjonsbehandlinga.

Hartveit sa at dei ulempene dei erfarte med flest kraftutbyggingar var reduserte fiskeforhold, problem omkring erosjon, isgang og massetransport. Dette er også tilfelle i Surnavassdraget.

For å kompensere for redusert fiske, har grunneigarane fått økonomisk kompensasjon. Det blir også sett ut yngel.

Elva har gjennom tidene forandra løp og flaumar og is har vore årvisst. Reguleringa har «temt» elva. No er det problem med gjengroing og gjenøring av elva.

Vi fekk også høre Statkraft sitt syn på krava som kommunane og aksjonsgruppa Fiskeraksjonen for Surna hadde sendt inn.

Minstevassføringa vil bli vurdert positiv. Like eins utslepp for å sikre betre levekår for fisk og yngel nedafor kraftstasjonen. Haldninga til eit høgare vassinntak i dammen i Follsjømagasinet for å auke vasstemperaturen i elva var uklar, men nokså negativ.

Statkraft har starta arbeidet med førebuing av konsesjonssøknad om bygging og drift av eit aggregat 2 i Trollheim Kraftverk. Det vil gje større fleksibilitet i forhold til tidspunkt for revisjon av kraftstasjonen, noko som no foregår på våren, i den mest sårbare tida for livet i elva, i følge dei lokale uttalane.

I samtalen etter innleiingane var Fiskeraksjonen for Surna raskt på banen og både Eivind Holte og Kjell Lund hadde informative innlegg om aksjonen. Fiskeraksjonen meiner at dei representerer almennheita, og det har også NVE akseptert. No arbeider dei med ein motrapport til Statkraft sitt revisjonsdokument.

Les om Fiskeraksjonen for Surna og underskriftsamlinga dei har igang her på www.surna.no.

Det vart nokre kommentarar til Statkraft sitt utspel om å søke konsesjon for eit aggregat 2 i Trollheim Kraftverk. Bjarne Nordlund, som var rådmann i Rindal under behandlinga av vilkårsrevisjonen, minte om at det var tema i ein samarbeidsavtale dei hadde med Statkraft tidlegare, men som Statkraft sa opp. Han undra seg over kvifor den kom opp att no.

Edgar Landsem, som hadde full oversikt over fangsten i elva knyta til Øvre Sæter Camping i over 40 år, var svært usikker på verdien av eit aggregat 2 i forhold til ein omløpstunell når det gjaldt å sikre vassføringa nedafor kraftstasjonen.

Georg Solem hadde oppfatta eit aggregat 2 som ulønnsamt tidlegare Dersom det er bra no, så trudde han føresetnaden var at kraftstasjonen måtte ha tilført meir vatn frå øvre deler av Surna. Det harmoniserer dårleg med krav om meir vatn i elva ovafor Trollheim kraftverk. Han frykta også at effektkjøringa kan bli meir skadeleg enn før.

Eit aggregat 2 i Folla eller i Bjønnalia i Rinna vart nemnt. - Er desse løysingane for dyre i forhold til laks i elva, vart det spurt.

Til slutt vart også klimaendringane nemnt. Eivind Hasle lurte på korleis prognosane som seier at vi får ei klimaendring som fører til meir nedbør på Vestlandet vil verke inn. Hartveit sa at hydrologane i NVE og Statkraft reknar på dette. Elles var det ikkje så mange svar å få.

Høringsfristen til NVE er altså 20.august.