Lene Gåsvatn nytt format

Preike ved Lene Gåsvatn 26. januar

Frelsestross


Rindal krk. 26.01.14. Luk 18,35-43
 

Da Jesus nærmet seg Jeriko, satt en blind mann ved veien og tigget. Mannen hørte at det var mye folk på veien, og spurte hva som sto på. De svarte ham: «Jesus fra Nasaret kommer forbi.» Da ropte han: «Jesus, du Davids sønn, ha barmhjertighet med meg!»  
 

De som gikk foran, snakket strengt til ham og ba ham tie, men han ropte bare enda høyere: «Du Davids sønn, ha barmhjertighet med meg!»  
 

Jesus stanset og ba om at den blinde skulle føres til ham. Da han kom nærmere, spurte Jesus ham: «Hva vil du jeg skal gjøre for deg?» Han svarte: «Herre, la meg få synet igjen!»
 

Jesus sa til ham: «Bli seende! Din tro har frelst deg.» Straks kunne han se, og han ga seg i følge med Jesus og lovet Gud. Og hele folkemengden som så dette, lovpriste Gud.
 

Jesus seier at den blinde mannen skal bli sjåande. Og så kjem påstanden og bakgrunnen for det heile: Trua di har frelst deg.
 

Eg ville langt på veg seia at det er trossen som har frelst. Den blinde mannen sit i vegkanten og er avhengig av andre. Han er avhengig av hjelp til det meste – også til å overleva.
 

Kyrie eleison, Herre syn meg barmhjertigheit. Den blinde mannen er ikkje snau. Han høyrer irettesetjinga frå dei som meiner seg å vita betre. Men han bryr seg ikkje. Bryr seg ikkje om kva som er brukeleg korkje i Jeriko eller i Rindal. Og skrik desto meir sitt Kyrie eleison.
 

Kunne dette skjedd her?
 

Finst det folk i Rindal som kan det same som Jesus kunne: Syne barmhjertigheit på ein slik måte at folk blir friske??
 

Og finst det folk i Rindal som meiner seg å vera såpass trengjande for barmhjertigheit at dei set seg der folk fèr forbi og ropar om hjelp?
 

Berre tanken på at nokon skulle kunne gjera det, minner om eitkvart sjukt. Slikt gjer me ikkje, må vita.
 

Men kva med å ta med bønene, trossen og trua til kyrkja? Det kan vera enklare å koma hit med heile seg sjølv enn mange andre stader.
 

Her har me ro til å rope ut eller sukke stille: Herre, gjer slik at eg ser! Herre, miskunne deg.
 

Det fyrste den blinde mannen ser når synet er på stell att, er Jesu ansikt. Det fyrste me ser når me kjem i kyrkja, er måleriet av Jesus slik målar Brun har sett han for seg: korset er utdelt og Jesus er på veg til å yte si største barmhjertigheit.
 

Me ser det kvar gong me er i kyrkja. Der er Jesus. Og der er den største barmhjertigheit nokon kan vise – den største barmhjertigheit som berre Jesus kan vise.
 

Me kan trosse og seia med oss sjølve at Nei, eg feier for eigen dør. Eg bèr syndene mine sjølv.
 

Eller me kan ta imot barmhjertigheit frå han som kom for å hjelpe, levde for andre, døydde som ein forbrytar og står opp att for å gje oss evig liv.
 

Det kan vera me treng eitkvart av tross for å kunne tru. Men når alt kjem til alt, finst det vel verre saker å bruke trossen på enn å slutte seg til den blinde mannen sitt rop om hjelp. Kyrie eleison, Herre, miskunne deg. Amen.