friidrettsfolk

Friidrettsungdom frå Surnadal

Kjenner du igjen denne fagre ungdommen frå det aktive friidrettsmiljøet i Surnadal på 70-talet? Bildet er tatt i samband med ein "hyggekveld" i friidrettsgruppa- den populære, årlege sesongavslutninga for friidrettsfolket. Da var det utdelingar av klubbmesterskapsmedaljer, brus og godsaker og sjølvsagt litt underhaldning. Truleg er året 1977.
-Vi trur vi har dei fleste namna, men du veit kanskje meir? spurte vi lesarane, og det gjorde dei. Einar Bergheim meinte vi hadde feil namn på ei av damene på bildet, og det hadde han heilt rett i!

I fremste rekkje frå venstre ser vi : Per Holten, Ole Torbjørn Ørsal, Narve Venås, Borghild Heggset, Ann Oddrun Sæterbø og Norunn Holten. Andre rekkje: Arve Heggset, Martin Gausen, Egil Ørsal, Jorid Heggset, Helen Bøe og truleg Marisa Forså (?). Tredje rekkje: John Gausen, Bjørn Kvande, Anna Koldal, Oddrun Sæterbø og Liv Holtan. Fjerde rekkje: Tor Egil Heggset, Dag Schei, Oddrun Krangnes, Gunvor Øie og Åse Holtan. Bakerste rekkja: Ingebrigt Sylte, Per Gunnar Strand, Jon Gunnar Holten, Joar Dønnem, Nils Arne Solheim, Geir Ove Bostrøm (?)og Torbjørn Sveen. Foto: Magne Holten

Einar Bergheim kjente att jenta heilt til høgre på andre rekkja . Det er ikkje Marisa Forså, men derimot Unni Bævre! Send oss gjerne fleire kommentarar om du veit meir om bildet!