Friluftsgudsteneste
Førstkommange søndag er det friluftsgudsteneste på Røstasetra i Vindøldalen. Bjørn Hovde er prest og Eistein Bæverfjord organist på trekkspell. Det blir også barnedåp. Bommen ved parkeringsplassen i Vindøldalen er åpen for alle i samband med gudstenesta!
Eistein Bæverfjord (t.v) fortel at han som postludium vil spele ein svært smakfull komposisjon av avdøde storspellmann frå Rindal: Tore Aunebakk. Bæverfjord har laga sitt eige arrangement på melodien og gjeve den nytt namn: Liten konsertvals.
Matsalg.
På det øvste bilde skimtar vi døpefonten som var bruka på Røstasetra i fjor.
Toto: OleT