FRILUFTSMESSE b_700x511

Friluftsmesse i Bøfjorden

Idylliske Kleppnausta i Bøfjorden er arena når Åsskard kyrkjelyd også i år feirar sommarleg friluftsmesse. Sokneprest Venås forrettar, og ei korgruppe deltek denne søndagen.

Den gamle husmannsplassen i barskt og vakkert fjordlandskap har vorte ein populær og mektig katedral for gudstenestesamling. Familien Bøklep har bygd både gapahuk og  småbåthamn nedanfor dei gamle hustuftene og forlenga bilvegen nesten heilt ned til sjøen.

 

Etter friluftsmessa er det kaffe og program på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

 

Skulle veret bli dårleg, flyttar ein samlinga til Betania bedehus.  Skilt vil markere dette.




Prest Bernt Verås