Logo 0000BF7D

Frivilligsentralen med ny heimeside

Som du ser, vi følgjer Trollheimsporten og har fått ny heimeside. Velkommen til den! Krokusbilda, som etter kvart har vorte eit kjenneteikn, har følgt med oss over. Krokusen er symbol på vår og optimisme, og det ønsker vi å stå for! Klikk på linken og sjå dei nye sidene til Rindal Frivilligsentral. Les meir for nyheter og kva frivilligsentralen driv med:

Rindal Frivilligsentral er medlem av Trollheimsporten med nettside. Bli medlem - klikk her - alle medlemmene her. Trollheimsporten gratulerer frivilligsentralen med de nye fine heimesidene.

Bildet til høyre viser fra dataklubben til frivilligsentralen:

Her kan du lese nytt frå frivilligsentralen og følgje med på kva vi driv med.

AKTIVITETSKALENDER
Vi har fått oss aktivitetskalender i venstre marg. Her vil aktivitetane ved frivilligsentralen bli lagt inn.

LINK TIL TROLLHEIMSPORTEN
I høgre marg finn du siste nytt frå Trollheimsporten og kan klikke deg direkte over dit.

ULIKE MENYKNAPPAR
I menylina øvst på sida kan du klikke deg inn på dei forskjellige menyknappane og orientere deg om frivilligsentralen, på aktivitetar, arrangement, kurs osv.
Ein undermeny til Gamle bilde er Gamle postkort. Ved å klikke deg inn på dei forskjellige kretsane i bygda i venstre marg, finn du gamle postkort frå Rindal. Fleire gamle bilde vil bli lagt inn etter kvart.

HOVEDBILDET
Bildet øvst på sida fungerer på same måte som Dagens bilde på Trollheimsporten. Klikkar du på bildet, blir det større, og klikkar du på "Gå til galleri" kjem du inn på eit galleri der alle tidlegare hovedbilde ligg. Desse kan du sjå i serie ved å klikke på ein pil som kjem fram i bildekanten

GAMMALT STOFF
Mykje stoff frå den gamle sida vår er allereide innlagt, med ein del står att. Det vil kome etter kvart.

GODT TIPS:
Lag ein snarveg til sida vår på skrivebordet på PC-en din eller legg sida vår til i dine Favorittar.