Frodig årbokslepp i Todalen
Todalen Historielag er ute med si syttande årbok sia 2002. Sleppet søndag ettermiddag vart ei rikhaldig kulturmønstring.
Bildet over: Leiar i Todalen Historielag, John Moe, og hovudredaktør Dordi Jorunn Halle har all ære av årboka 2018. (Foto: Bernt G. Bøe)
Hovudredaktør Dordi Jorunn Halle presenterte boka med appetittvekkande smaksprøver. Her er historiske foto og artiklar om forfattaren Leif Halse, Dalavegen, søstrene frå Andersstua som vart jordmødre, botanikaren Halvor Svinvik, Todalen Skyttarlag, mjølkerampar og mjølkekjøring, historiske vandringar og ymse tilbakeblikk. Alt samla i ei elegant og tiltalande bok på vel 80 sider.
Sigrun Ørsal, Tor Holten og ei stor forsamling gledde seg over ei variert og fargerik bok. (Foto: Bernt G. Bøe)
Leiar i historielaget, John Moe, bar fram fortent takk til alle som på ein eller annan måte har hjelpt til med årboka 2018.
Gode kulturinnslag prega dagen. Ein retteleg godbit stod Per Reiten for med historia om Anders Nilsson Svensk, som kom frå Sverige til Ørsalgeilen i Todalen midt på 1800-talet, fekk familie der og sia drog til Michigan. Den vemodige visa om hans første kjærleikssorg vart vakkert og gripande framført av kåsøren.
Per Reiten rørte forsamlinga med kjærleiksvisa etter Anders Svensk og med historia om mannen. (Foto: Bernt G. Bøe)
Koret "Prosjekt 17" foretok ei tonereise – også med litt svensk (viser av Bellmann og Sjøberg). Dei var elles både til sjøs og heime hos sjømannskonene i Bøfjorden.
Prosjekt 17 song svenske viser og tolka bøfjordsk sjømannsliv. (Foto: Tor Holten)
Ingrid Bruset og Ragnhild Ansnes Moe viste gamle todalsbilete på lerretet. Dei to gjer eit formidabelt arbeid med scanning og arkivering av det rikhaldige fotomaterialet som finst i bygda. Dette pregar også årboka.
Bileta på skjermen skapte interesse hos bygdefolket. (Foto: Bernt G. Bøe)
To utstillingar fascinerte det talrike publikummet. Eitt bord viste forfattarskapet til Leif Halse. Eit anna markerte Todalen Skyttarlag - med ulike våpen og ikkje minst jaktbytte på historisk toppnivå: Her låg nemleg skallen av bjørnen som Sverke Talgø skaut i 1906. Ja - endatil kula som felte denne siste bamsen i Todalen! To av riflene på bordet er det da også skote på bjørn med.
Skyttarlaget hadde ei unik utstilling – mange flotte våpen og ikkje minst eit klenodisk trofé: Her er skallen av bjørnen som Sverke Talgø skaut i 1906. Og oppå den ligg kula han bruka! (Foto: Bernt G. Bøe)
Ein del av Leif Halse sitt forfattarskap var å sjå. Mellom anna fleire av kladdebøkene der han skreiv sine første manus! (Foto: Bernt G. Bøe)
Den avsluttande matøkta starta med at koret song Grautmarsjen – som sjølsagt er ein melodi frå bygda. Og så serverte laget kaffe, graut, bakels og dravle. Ein kulturdag i alle ledd, altså. Og det i ei bygd som viser at ein får til mykje når ein spelar på samhald og lokal innsats.
Tekst: Bernt G. Bøe