Kleivakveld - Terje Tysland og publikum_350x233

Frønes ny styreleiar for Vårsøghelga

Leif Otto Frønes vart tirsdag valt til ny styreleiar i Laget Vårsøg. I styret for laget - som står bak den årlege kulturfestivalen Vårsøghelga i Surnadal - har han med seg Borghild Betten Talgø, Anne Vognild Einum, Einar Grønnes, Bjørn Tore Brøske og Ingebjørg Loe Bjørnstad samt varamedlemmene Oddbjørn Ansnes og Rita Aarnes.

Frønes har vore styremedlem i Laget Vårsøg i to år i tillegg til å ha vore med på arrangeringa av Vårsøghelga som frivillig i to år. Han har også lang erfaring frå andre område innan kulturlivet i Surnadal, mellom anna kulturskulen og som musikar og styremedlem i Surnadal Hornmusikk (bildet).

- Vårsøghelga og dei felles kulturelle opplevingane ho gir, er viktig for bygda. Eg er glad for å ha vore i styret saman med fungerande dagleg leiar Holger Skei og tidlegare styreleiar Bergsvein Brøske og fått lært av erfaringane deira, seier Frønes, som no gler seg til å ta fatt på arbeidet fram mot neste års Vårsøghelg saman med det nye styret, kunstnerisk leiar Henning Sommerro og nytilsett dagleg leiar Gerd Ingrid Kvendset.

Sjølve Vårsøghelga vart i år som tidlegare arrangert i pinsehelga, og laget kjem i 2010 til å få eit overskot på rundt 85.000 kroner. Men Laget Vårsøg sprer no aktiviteten ut over heile året. Dei sto i vår også som arrangør av konsert med Smøla Janitsjar, og 25. november er det klart for Hans Rotmo og "Vårres Jul" i Surnadal Kulturhus. Begge forestillingane denne dagen er utsolgt.