Full fart på fotballskule
Måndag starta første del av BankAkademiet Fotballskule, i regi av Surnadal IL Fotball. Med om lag 70 fotballsparkarar frå første- til tiandeklasse i aksjon, ligg det an til ei veke med full innsats og godt humør på Syltøran.
For fjerde året på rad arrangerer fotballgruppa i Surnadal IL BankAkademiet Fotballskule i samarbeid med Surnadal Sparebank.
Måndag til og med fredag denne veka skal dei om lag 70 påmeldte gjennom to fotballøkter per dag, godt hjulpe av instruktørane - spelarar frå damelaget og A-laget til klubben. Årets instruktørar er ti i talet, og frå 16 til 20 år gamle.
Med påmeldte fødd frå 2005-2013 er det stort spenn både i erfaring og fotballferdigheiter, utan at det i grunn har noko som helst å seie for trivselen på fotballskulen.
– Opplegget er ganske likt som tidlegare år, der dagane er lagt opp slik at vi startar med ei fotballøkt, så har lunsjpause og frileik og deretter ei ny fotballøkt.
Det seier Simen Einmo Engdal. 26-åringen er sportsleg ansvarlig for BankAkademiet Fotballskule, slik han og har vore ved fleire av dei tidlegare utgåvene av fotballskulen.
Han fortel at den største endringa er at BankAkademiet-dagane i år startar klokka 08.30 i staden for klokka 09.00, som før.
– Vi har fått nokre henvendingar om dette var muleg å få til, og det at vi startar ein halvtime tidlegare gjer det enklare for ein del foreldre å komme seg på jobb til rett tid etter at dei har levert ungane hos oss, seier dagleg leiar i Surnadal Idrettslag, Sondre Ormset.
Saman med styremedlem og A-lagsspelar Knut Ola Høvik er han ansvarleg for det administrative i samband med BankAkademiet Fotballskule, som vert arrangert over to veker - med separat påmelding per veke. Del to av fotballskulen vert arrangert 12. til 16. august.
Første dag av den første delen vart ein kjempeflott dag for både store og små, der fotballsparkarane strålte om kapp med sola. Arrangørane håpar på godt vêr vidare og.
– Vi fekk ein god start med vêret i dag, og det ser ut som om vi blir heldige i morgon og, medan onsdagen vel ser heilt grei ut, seier Engdal, medan Ormset skyt inn:
– Torsdag og fredag ser det litt skummelt ut akkurat no, då meiner vêrmeldarane at himmelen skal opne seg. Vi satsar på at det snur!
Årets deltakarar klare for namneopprop og inndeling i grupper.
Instruktørar er Viljar Fiske Kvande, Stine Fiske, Gunn Mari Våbenø, Ida Ranes, Ine Fiske, Sindre Fiske, Erlend Halset Ulvestad, Ruben Lysø og Vegard Snekvik, medan Andrea Fiske er med som hjelp i samband med innkjøp, lunsj og fruktpausar.
Simen Einmo Engdal er sportsleg ansvarleg for del 1 av BankAkademiet Fotballskule, medan Sindre Fiske tek over rolla når del 2 går av stabelen i august.
Dagleg leiar i Surnadal IL, Sondre Ormset, ser til at alt går rett føre seg under oppstarten av BankAkademiet Fotballskule måndag.