
Full kvinne møtte låveveggen
Ei kvinne er dømt til 36 dagars fengsel etter at ho med ein promille på nesten 3, utan sertifikat og i lånt bil, la en ut på ein køyretur i Surnadal som endte i ein låvevegg etter 150 meter. I tillegg til betinga fengselsstraff, fekk ho også bot på 10.000 kroner og 2000 kroner i saksomkostningar.
Kvinna som er i 20-åra, fekk også sperrefrist for førarkortpliktig motorvogn for alltid, skriv tk.no.
Nordmøre tingrett kom under tvil fram til at det skulle reagerast med betinga straff, under føresetnad av at kvinna gjennomfører eit promilleprogram for å få bukt med sine problem.
Det var i august i fjor at kvinna sette seg bak rattet i ein lånt bil. Hun var dømt for promillekjøring tidlegare, og hadde ikkje førarkort, skriv Tidens Krav. Køyringa endte med at bilen køyrde einn i ein fjøsvegg.
Blodprøven tatt nesten to timar etter køyringa, viste ein promille på 2,76.

.png)

